Tilskotsordning - Ferietur funksjonshemma

Øygarden kommune har ei ordning med tilskot til følgjepersonar på ferietur gjeldande for personar med funksjonshemming som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk og personleg hjelp for å greie dagleglivets gjeremål etter Helse- og omsorgstenestelova § 3-1.

reisetilskot_kollage_h700.jpg - Klikk for stort bilete Søkjar skal som hovudregel dekka utgifter til eigen ferietur og forsikring. Det vert rekna ei eigenbetaling for følgjeperson ut frå brukars inntekt. Utgifter til reise og opphald for følgjeperson kan verte innvilga med inntil kr. 5000,-.

Det er i hovudsak søkjar si oppgåve å skaffe følgjeperson. Følgjeperson vert løna etter KS sine rettleiande satsar for avløning og døgngodtgjering for følgjepersonar på reise.

Det kan verte innvilga tilskot til ferietur på inntil 7 dagar per kalenderår.

Det er sett av ein pott til dette føremålet. Dersom mange søknader fører til at ein overstig potten og ikkje alle kan få tilskot, vil tilskot bli vurdert ut frå behov og når personen sist fekk slikt tilskot.

Klikk her for elektronisk søknadsskjema

Søknadsskjema i papirversjon


Ved spørsmål kontakt pleie og omsorgstenesta i Øygarden kommune v/ sakshandsamar/vernepleiar Eva Bildøy Kronheim, tlf. 56 38 23 05.

Søknadsfrist: 1. juni 2019

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 06.06.2019
Fann du det du leita etter?