Workshop Nye Øygarden kommune – delprosjekt barnehage

Tysdag 08.01.19 var det workshop for Nye Øygarden – delprosjekt Barnehage. 86 deltakarar frå dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden var samla i kultursalen for å drøfte framtidige satsingsområde for barnehage, organisering av barnehagesektoren, «beste praksis» og tverrfagleg samarbeid i Nye Øygarden kommune.

 workshop_barnehage_H792x300.jpg - Klikk for stort bilete

Delprosjekt barnehage er del av hovudprosjektet Oppvekst. Leiar for delprosjekt Barnehage, Margun Landro (barnehagesjef i Fjell) innleia med å presentere mandat og overordna føringar frå den politiske intensjonsavtalen, samt viste utdrag av kartleggingsarbeidet som gruppa i delprosjekt barnehage hadde utarbeida. Denne gruppa består av representantar frå barnehageområdet på ulike nivå i alle dei tre kommunane.

Oppsummeringa frå dagen viser at barnehagane  i dei 3 kommunane ønskjer å vera ein samla sektor inn i ny storkommune. Sektoren vil då innehalde 17 kommunale og 21 private barnehagar, ca 2300 barnehagebarn, vel 400 tilsette i kommunal sektor og vel 300 tilsette i privat del av sektoren.

Dagen var prega av gruppearbeid på tvers av kommunane, gode drøftingar, god stemning og stort engasjement. Det er tydeleg at barnehagefolket brenn for gode barnehagar til beste for innbyggjarane i Nye Øygarden kommune!

Tekst: Margun Landro, prosjektleiar delprosjekt barnehage

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 11.01.2019
Fann du det du leita etter?