Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Viste fram samferdsleutfordringar i Øygarden

Saman med varaordførar Atle Dåvøy og leiar av utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv, tok leiar av utval for plan, Svein Otto Jacobsen, med seg saksordførar for Regional transportplan 2022-2033 i Vestland fylkeskommune, Sigbjørn Framnes, på ein visningsrunde i kommunen på måndag.
  I Skogsskiftet er det planar om rundkøyring ved avkøyringa frå fv 555 mot Skogsvåg/Klokkarvik. Frå venstre; Andreas Kallekleiv, Sigbjørn Framnes, Svein Otto Jacobsen og Atle Dåvøy. - Klikk for stort bileteI Skogsskiftet er det planar om rundkøyring ved avkøyringa frå fv 555 mot Skogsvåg/Klokkarvik. Frå venstre; Andreas Kallekleiv, Sigbjørn Framnes, Svein Otto Jacobsen og Atle Dåvøy. 

Framnes gjorde tidleg merksam på at det ikkje er mykje pengar til fylkesvegprosjekt i Vestland fylke og at det er ei lang ønskeliste frå kommunane. Fylkeskommune arbeider no med transportplanen som skal leggjast ut på høyring i juni 2021 og etter planen vedtakast av fylkestinget i desember 2021.

- Vestland fylke er enormt stort. Det er mange dårlege vegar og det er store etterslep. Uansett, bruk alle høve det har til å koma med innspel til planen! sa Framnes på rundturen der Øygarden fekk vist seg fram i flotte haustfargar og strålande solskinn.

Det vart stilt spørsmål om det er mogleg å nytta spleiselag og forskottering for å få fart på fylkeskommunale vegprosjekt.

- Fylket har tidlegare vedteke at forskottering er ein uting.  Men det er eit godt innspel med spleiselag. Hugs også at Øygarden kommune er ein av dei kommunane i Vestland med størst potensiale for vekst og utvikling, sa Framnes.

Fekk sjå døme på vegutfordringar i sør, vest og nord

Rundturen i Øygarden gjekk først sørover forbi Fjell gard mot Skogsskiftet.

- Sør for Fjell mot den søre delen av kommune er årsdøgntrafikken om lag 6 500 køyretøy (dagleg). Det er planlagt tunnel som går forbi Fjell gard (reguleringsplan for Kolltveit og sørover). Det vert vurdert alternative mellombelse løysingar for strekninga over Krossleitet, forklarte Svein Otto Jacobsen. Større køyretøy har problem på denne strekninga. Ikkje minst om vinteren kan det oppstå trafikkaos i dette området.

I Skogsskiftet var det stopp ved krysset der det skal byggjast rundkøyring. Jacobsen håpar på oppstart på nyåret ein gong når områdeplanen/kommunedelplanen for Skogsskiftet er på plass. Ifølgje Jacobsen kan dette prosjektet realiserast med rekkjefølgjekrav og spleiselag.

- Fordelen med Øygarden er at det er ein ganske folketett kommune og at vegprosjekt er til hjelp for mange, sa Sigbjørn Framnes.

Det er trongt om plassen ved Møvika. - Klikk for stort bileteDet er trongt om plassen ved Møvika.  
Andreas Kallekleiv viste fram utfordringane med Vestsidevegen. Stoppet på Møvika viste utfordringa med smal veg og trafikk med både store og mindre køyretøy. På Møvika er det planar om to punktutbetringar. Også på Sekkingstad er det planar om punktutbetring.

I nord fekk Framnes verta kjend med moglege traséval for omlegging av vegen i Blomvågområdet. Atle Dåvøy opplyser at det er gjennomført utgreiing av traseval, mellom anna aust for Blomvåg.   

I mars 2020 vedtok kommunestyret i Øygaden uttale til Nasjonal transportplan (NTP). Der heiter det mellom anna at trase for ny fylkesveg 561 frå Kolltveit til Ågotnes bør omklassifiserast frå fylkesveg til riksveg.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå rundturen:

Skogsskiftet - Klikk for stort bilete
Møvika - Klikk for stort bilete
Møvika. Til høgre; journalist i Vestnytt, Karstein Sæverås - Klikk for stort bilete
Brua i Blomvåg - Klikk for stort bilete