Vil utarbeida plan for innhaldet i skulen

Kommunestyret vedtok i dag med 37 røyster at det vert utarbeidd ein plan for innhaldet i det framtidige skulen i Øygarden for dei neste 30 åra. Kommunestyret slutta seg til tilrådinga frå utval for tenester og levekår.

Før behandling av sakene, hadde kommunestyret, ungdommens kommunestyre, utval for menneske med funksjonsnedsetjing og eldrerådet arbeidsverkstad med samfunnsdelen til kommuneplanen som tema. - Klikk for stort bileteFør behandling av sakene, hadde kommunestyret, ungdommens kommunestyre, utval for menneske med funksjonsnedsetjing og eldrerådet arbeidsverkstad med samfunnsdelen til kommuneplanen som tema. 

Kommunestyret viser til at grunnopplæringa skal bidra til å utvikla kunnskapen og kompetansen til elevane slik at dei kan verta aktive deltakarar i eit stadig meir kunnskapsintensivt samfunn. Samstundes skal skulen støtta elevane i deira personlege utvikling og identitetsutvikling ( NOU 2015: 8 Fremtidens skole - Fornyelse av fag og kompetanser).

Det vert fremja eiga sak om oppnemning av ei samansett arbeidsgruppe under politisk leiing med mandat om å fremja ein heilskapleg plan for «Framtidas skule i Øygarden kommune». Utvalet ønskjer at det vert iverksett tiltak allereie frå hausten 2021, og ber om at saka kjem opp på nytt i neste møte. I samsvar med «Språkløypestrategien», skal arbeidet med tidleg innsats for elevane som ikkje har forventa språk- og leseutvikling, styrkjast frå skulestart hausten 2021.

Arbeidarpartiet fremja eit forslag om at kommunestyret skulle slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å ta rapporten til orientering. I dette forslaget heiter det vidare at ein ser positivt på utarbeiding av ein plan for den framtidige skulen i kommunen, som omtalt i saksunderlaget. Kontrollutvalet har prioritert "Kvalitet i grunnskulen" som prioritert som nr. 2 i forvaltningsrevisjonen, jf. årsmeldinga i sak 56/21. Arbeidet med en heilskapleg plan for oppvekst vert avventa til forvaltningsrevisjonen er gjennomført. Forslaget fekk åtte røyster (Arbeidarpartiet) og fall.

Vedtok prosess og fullmakt for rekruttering av ny kommunedirektør

Kommunestyret godkjente prosess og tidsplan for tilsetjing av ny kommunedirektør, som innstilt i saka. Det politiske utvalet, oppnemnd i kommunestyret i 2020, får fullmakt til å gjennomføra tilsetjingsprosessen og kjøpa ekstern konsulentbistand slik det er gjort greie for i saka. I vedtaket heiter det at kommunestyret legg til grunn at det vert sikra medverknad i prosessen i tråd med lov og avtaleverk og ber om at det vert peika ut to representantar frå dei tilsette sine organisasjonar til å delta i tilsetjingsutvalet saman med det politisk oppnemnde utvalet. Kommunestyret skal godkjenna tilsetjing og tilsetjings- og arbeidsvilkår for ny kommunedirektør.

Før realitetsbehandling av saka, fremja Nina Glesnes (Sotralista) å utsetja realitetsbehandling av forslaget. I framlegget frå Glesnes gjekk det mellom anna fram at kommunestyret opphevar teieplikta for tidlegare kommunedirektør og ønskjer han velkomen til å bidra til å belysa uavklart spørsmål når det gjeld grunnlaget for avslutning av arbeidsforholdet. Utsetjingsforslaget fekk 10 røyster (eín representant frå Sotralista, Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, Raudt og SV) og fall.

Eit framlegg frå Andreas Kallekleiv (H) om at formannskapet vert referansegruppe i prosessen for rekruttering og tilsetjing av ny kommunedirektør var samrøystes vedteke.

Kommunestyret avviste eit framlegg frå Raudt om eit tilleggspunkt om at leiande administrative stillingar i Øygarden skal lysast ut som åremålsstillingar, i samsvar med reglane i kommunelova. Forslaget fekk eí røyst (Raudt).

Andre saker

  • Kommunestyret behandla orienteringssak om oppfølging av «Prioritering av planoppgåver». Konkret tok kommunestyret saka med status og tentativ framdrift for den einskilde plan til orientering.
     
  • Kommunestyret gjev kommunalsjefområde for Økonomi mynde til å endra inngått lån med Nordea på 10,4 millionar kroner til ny leverandør av lån. Lånet gjeld innkjøp av nye brannbilar til Øygarden brann og redning KF hausten 2019.
     
  • Kommunestyret godkjente avviklingsrekneskapen for Øygarden brann og redning IKS slik han låg føre. Rekneskapen er gjort opp med eit rekneskapsmessig meirforbruk på 150 878 kroner, som vert dekt over driftsfondet til Øygarden brann og redning KF.
     
  • Kommunestyret godkjente årsmelding 2020 for kontrollutvalet slik  ho låg føre.
     
  • Øygarden kommunestyre vedtek endringar i «Reglement for møte i folkevalde organ» med verknad frå vedtaksdato.

Tekst og foto: Vigleik Brekke