Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

Vil omklassifisera fylkesveg til riksveg

Kommunestyret vedtok torsdag kveld uttale til Nasjonal transportplan (NTP) der det heiter at trase for ny fylkesveg 561 frå Kolltveit til Ågotnes vert omklassifisert frå fylkesveg til riksveg. Kommunestyret vedtok også å gje mynde til formannskapet og ordførar.

Frå kommunestyretmøtet torsdag kveld. Møtet vart avvikla som videomøte og overført på nett-TV. - Klikk for stort bileteFrå kommunestyretmøtet torsdag kveld. Møtet vart avvikla som videomøte og overført på nett-TV. På biletet ser du ordførar Tom Georg Indrevik (til venstre) og kommunedirektør Rune Lid. Kjell Andersland   

Uttale til Nasjonal transportplan

Øygarden kommune er invitert av Vestland fylkeskommune til å gje innspel til NTP 2022-2033. Sentralt i ordskiftet i kommunestyret var spørsmålet om klassifisering av vegen mellom Kolltveit og Ågotnes. Mot røystene til Miljøpartiet dei Grøne (MDG) og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) vart det vedteke ein uttale der ein ber om at fylkesveg 561 frå Kolltveit til Ågotnes vert omklassifisert frå fylkesveg til riksveg. Øygarden kommune ønskjer at dette vert prioritert i innspelet fylkeskommunen skal gje til transportplanen. Kommunestyret slutta seg også til eit tilleggspunkt lagt fram av Arbeidarpartiet om at omklassifisering av fv561 til riksvei vil ha stor betydning når den vedtekne godshavna vert flytta til Ågotnes.

Kommunestyret slutta seg også til eit justert framlegg frå FNB om at ved omklassifisering av fylkesvei 561 Kolltveit- Ågotnes til riksvei bør denne etablerast og byggjast med 100 prosent bruk av statleg finansiering utan bompengar.  MDG og eín representant frå KrF røysta imot dette.

Mynde til formannskap og ordførar

Etter ein lang debatt, vedtok kommunestyret med stort fleirtal å gje mynde til formannskap og ordførar. Bakgrunnen for saka er den ekstraordinære situasjonen med koronaviruset. MDG sine to representantar røysta imot.

Ordførar Tom Georg Indrevik føreslo å trekkja punkt to i innstillinga frå kommunedirektøren som omhandla mynde til ordføraren i saker som hastar. Han føreslo å ta utgangspunkt i eit forslag frå Arbeidarpartiet, Sp, SV og Raudt. Med unnatak av MDG samla kommunestyret seg om dette.

Dermed vedtok kommunestyret vedtok å gje formannskapet fram til 30. juni fullmakt til å fatta vedtak i saker som skulle vore avgjort av kommunestyret. Kommunestyret er innforstått med at formannskapet kan delegera fullmakter vidare til ordførar. Vidare delegering til ordførar vert gjort gjeldande berre dersom det ikkje let seg gjera å samla eit vedtaksdyktig formannskap.

I vedtaket heiter det vidare at det vert lagt til grunn, også ved vidaredelegering til ordførar, at saksbehandling skjer skriftleg og i samsvar med krava i kommunelova til føring av møtebok. Saksdokument og møtebok skal vera tilgjengelege for allmenta (dersom det ikkje gjeld saker som er unnateke for offentlegheit).

Formannskapet vert utvida til også å gjelda gruppeleiarane for dei partia som ikkje representerte i formannskapet og leiarane for dei faste utvala. Funksjonstida for desse vil berre gjelda i perioden fram til den ekstraordinære situasjonen er avverga. Desse gruppeleiarane/utvalsleiarane har tale- og forslagsrett dersom det er i samsvar med gjeldande lov.

Delegering av mynde gjeld i første omgang inntil 30.06.2020. Det vert lagt til grunn at den politiske møtestrukturen vert teken opp igjen så raskt som mogleg og når situasjonen rundt koronaviruset er under kontroll.

Ein konsekvens av videomøte er ein etter måten tom møtesal. - Klikk for stort bileteEin konsekvens av videomøte er ein etter måten tom møtesal. Kjell Andersland   

Representantar og medlemer til utval, råd og selskap

Kommunestyret valde ei rekkje medlemer til utval, råd og selskap.

Styrerepresentantar og varamedlemer til styret «Bustadstiftinga» for dei neste fire åra (denne kommunestyreperioden)

Medlemer:

Varamedlemer:

1. Anita Garlid Johannessen

1. Egil Morland

2. Jørgen Kausland

2. Vilde Knutsen Indrevik

3. Bjørn Vie

3. Elisabeth Toft Erichsen

4.Geir Hellesø

4. Leif Bjarne Fjellro

5. Elisabeth Vethe

5. Aud Karin Oen

Leiar: Anita Garlid Johannesen

Nestleiar: Jørgen Kausland


Medlem/varamedlem i representantskapet for Bergen og Omland Farvannsforvaltning BF IKS for perioden 2020-2023

Medlem:

       Varamedlem:

Tom Georg Indrevik (H)

         Espen Stølsnes Harkestad (Ap)


Medlem/varamedlem til styret for Bergen og Omland Havn AS og Bergen og omland Farvannsforvaltning IKS

Medlem:

Personleg varamedlem:

Atle Dåvøy (KrF)

Nils Kåre Skoge (H)

Marianne Sandahl Bjorøy (Ap)

Åse Gunn Husebø (Ap)


Politisk utval for oppfølging av kommunedirektøre 

Ordførar, varaordførar og gruppeleiar for det største opposisjonspartiet

Medlem/varamedlem til Kystkultur.no!

Medlem:

Varamedlem:

Vivian Steinsland

Vidar Klepsvik


Faste representantar med varamedlemer til stiftinga Fjell festning for 2 år

Medlemer:

Varamedlemer:

Jan Utkilen

Herborg Larsen

Marianne Sandahl Bjorøy

Sindre Andreassen


Representantar med vara for perioden 2019-2023 til styret i stiftinga Nordsjøfartsmuseet:

Medlemer:

Varamedlemer:

Robert Kaupang Sæle

Synne Norøy

Christine Taule

Gunn Nesse Limevåg


Medlemer med varamedlemer til IUA Bergen region for perioden 2019-2023

Medlemer:

Varamedlemer:

Tom Georg Indrevik

Atle Dåvøy

Anne Sissel Fjæreide

Anita Garlid Johannsesen


Faste representantar med personlege varamedlemer til stiftinga «Kystmuseet i Øygarden» for valperioden 2019-2023

Medlemer:

Personleg varamedlemer:

Børge Haugetun

Henning Ekerhovd

Geir Inge Svellingen

Silvia Haugland

Solveig Rong

Aud Karin Oen


Medlemer med personlege varamedlemer til Stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond

Medlemer:

Personeg varamedlemer:

Svein Berg

Sølvi Anita S chei

Mette Jacobsen

Vidar Klepsvik

Henning Ekerhovd

Vivan Steinsland


Det vart også vald politiske representantar til samarbeidsutvala på grunnskulane.

Orienteringar

Før behandlinga av sakene, orienterte ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Rune Lid om beredskapssituasjonen knytt til koronaviruset. Også kommunalsjef for Helse og velferd, Line Barmen og kommuneoverlege Stein-Inge Stigen orienterte om tiltak knytt til dette. Ordføraren sa at den kommunale kriseleiinga har jamt over hatt to møte dagleg dei siste tre vekene og følgjer situasjonen tett.

Ordføraren orienterte om at kommunen har inngått ein intensjonsavtale med CCB om å nytta delar av brakkehotellet på Ågotnes dersom det vert behov for det. Brakkehotellet er eigd av Ågotnes Næringspark, der kommunen også er medeigar.

Representantane stilte mellom anna spørsmål om tilsyn og undervisning i påskeveka, tilbod til barn med særskilde behov, kommunalt krisesenter, tilgang på lege, tilgang på personell, økonomi og tilboda i dei andre tenestene som ikkje er direkte berørte av koronaviruset.


Tekst: Vigleik Brekke