Vil læra om norsk skule

Tysdag denne veka fekk Hjelteryggen skule og Danielsen barne- og ungdomsskule besøk frå NLA Høgskolen og representantar frå to pedagogiske institusjonar i Nepal som planlegg barneskuleutdanning i Nepal.

Frå møtet med Hjelteryggen skule. Ståande til høgre; rektor på Hjelteryggen skule, Siri Håland. - Klikk for stort bileteFrå møtet med Hjelteryggen skule. Ståande til høgre; rektor på Hjelteryggen skule, Siri Håland. 
 

Dei 10 gjestene frå Nepal kjem frå Nepal Open University og Early childhood education Center. Dei er ein del av eit samarbeid med NLA Høgskolen og Universitetet i Agder om å etablera en ny forskingsbasert barneskulelærarutdanning i Nepal.

Prosjektet vert støtta av NORAD, via programmet NORHED (program for kapasitetsutvikling innan høgare utdanning og forsking).

Førstelektor i pedagogikk på NLA Høgskolen, Per Ivar Kjærgård, seier at målet med besøket på dei norske skulane er å henta inspirasjon, kunnskap og idear om norsk skuledrift som dei besøkande kan ta med seg tilbake til dei øvingsskulane som skal etablerast i Nepal.

- Vi møtte to gode skular i Øygarden. Besøket på avdelinga som driv musikkterapi på Hjelteryggen skule var ei særleg god oppleving for lærarutdannarane frå Nepal. Eg vart imponert over korleis musikkterapi vart brukt i møte med elevar med særskilte behov. Det er fantastisk å vera med å sjå korleis musikk kan vera så viktig i slike pedagogiske møte, seier Kjærgård.

Frå besøket på Danielsen barne- og ungdomsskule - Klikk for stort bileteFrå besøket på Danielsen barne- og ungdomsskule 
I tillegg til besøk i ulike klasserom og avdelingar, hadde prosjektleiinga i NORHED-prosjektet møte med skuleleiarane på Danielsen for å diskutera det å  vera øvingsskule for lærarstudentar.

Foto: NLA Høgskolen