Vil jobba vidare med planar om ekstremsportveke

Levekårsutvalet hadde onsdag sitt første møte i den nye kommunevalperioden. Då vart det mellom anna innstilt på å arbeida vidare med planane om ekstremsportveke etter modell med tilskotsordning. 

God stemning på det første møtet i levekårsutvalet. Ernst Einarsen (H) er leiar, medan Helge Nilsen (KrF) er nestleiar. - Klikk for stort bileteGod stemning på det første møtet i levekårsutvalet. Ernst Einarsen (H) leiar utvalet, medan Helge Nilsen (KrF) er nestleiar.

Administrasjonen har gjennomført ein mogleheitstudie saman med Visit Bergen og Øygarden næringsutvikling KF. Moglegheitsstudien viser mellom anna at Øygarden har nokre av dei beste klatrefelta i Nord-Europa. På vatn- og vindsportområdet er det aktive miljø i heile Sotra-området, men ikkje minst på Glesvær. Det er ikkje sikkert at namnet på arrangementet vil verta ekstremsportveke. I eit moglegsmøte i juni vart namn som Øysportveka, Øygardsveka nemnt som moglege namn.

Moglegheitsstudien viser at arrangementet kan føra til auka turisme og meir aktivitet i reiselivsnæringa og gje idretten ei plattform for rekruttering og gje utøvarar inspirasjon til å visa seg fram. I det vidare arbeidet er det aktuelt å utarbeida eit forprosjekt. Kommunedirektøren har sett av 150 tusen kroner til tiltaket i budsjettet for 2024.

Saka går vidare til endeleg behandling i kommunestyret.

Kvalitetsmelding for grunnskulen

Utvalet tok kvalitetsmeldinga 2022-2023 til orientering. For å betra tilhøva til barn og unge vert det sett inn både målretta tiltak for barn og familiar med dei største utfordringane og generelle tiltak som kjem alle til gode. Plan for det førebyggjande arbeidet i kommunen er ein del av dette. I vedtaket heiter det mellom anna at skulane skal framleis halda fokus på og leggja til rette for eit trygt og godt skulemiljø for alle. Arbeidet med «Trygg i fellesskap» skal styrkjast og vidareutviklast. 

Ein skal også styrkja arbeidet med å redusera fråværet, uønskt skulefråvær og skulevegring. Kommunen skal vidare bidra til at det finst organiserte fritidsaktivitetar og sosiale arenaer for alle barn og unge og at det skal gjevast psykisk helsehjelp til barn og unge og tilbod om rettleiing til foreldre i utsette familiar. 

Etter framlegg for Arbeidarpartiet vart det samrøystes vedteke eit ekstra punkt om at det skal leggjast til rette for meir praktisk undervisning i skulen. Døme på dette kan vera uteskule der matematikk vert gjort om til praktisk matematikk, koding og praktisk estetiske fag i klasseromma.

Frå møtet i levekårsutvalet 8. november - Klikk for stort bileteFrå møtet i levekårsutvalet 8. november.

Prioriterte spelemidlar

Levekårsutvalet priroterte spelemidlar til handling- og prioritetsliste for idrett og fysisk aktivitet. På lista som vert rullert for 2024 er Spildahallen (tre tiltak) sett øvst med 10,8 millionar kroner. Vidare følgjer kunstgrasbane på Spildepollen (2,7 millionar kroner) og rehabilitering kunstgras på Nesmyra med 1 million kroner og garderobebygg på Ågotnes idrettsanlegg med 2,3 millionar kroner.

Når det gjeld nærmiljøanlegg for 2024 er det som førsteprioritet sett opp orienteringskart, Telavåg med 178 tusen kroner, orienteringskart Glesvær 126 tusen kroner og multibane Foldnes skule med 300 tusen kroner på tredjeplass.

Prioriteringane frå kommunedirektøren er basert på at dei eldste søknadene er prioritert høgast. For søknader mottekne same år vert private anlegg prioritert framfor kommunale bygg. Høgast søknadsbeløp kjem først. 

Det er Vestland fylkeskommune som tildeler spelemidlar. 

Skjenkeløyve

  • I samband med verksemdovertaking fekk Viknaess AS/Bunnpris Ågotnes senter salsløyve for øl.
     
  • Egon Sartor Storsenter fekk godkjent nytt utandørs skjenkeareal for alle tre alkoholgrupper. Tal på gjesteplassar er sett til 25-30 plassar. Utandørs skjenkeareal skal vera fysisk avgrensa med fast gjerde eller annan innretning som ikkje kan flyttast på.
     

Her kan du lesa innkalling med saksdokument. 


Tekst og foto: Vigleik Bekke