Vil ha moderat produksjonsavgift på havbruksverksemd

Formannskapet i Øygarden meiner at kommunane må få ein kompensasjon for å vera vertskommune for havbruk, men at det er eit mål at inntektene er stabile.

Frå møtet i formannskapet i dag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i formannskapet i dag. Vigleik Brekke  

På møtet i dag gav formannskapspolitikarane  uttale til ei NOU-utgreiing (NOU: Norges offentlege utgreiingar) om skattlegging av havbruksverksemd. Formannskapet støtta i hovudtrekk innstillinga frå kommunedirektøren, men styrkte betydninga av havbruksnæringa ved å understreka at kommunen vil vera ein attraktiv kommune for drift og etablering av arbeidsplassar innan havbruk. Formannskapet meiner at den beste måten å sikra stabile inntekter på er å gjennomføra auksjonar og Havbruksfondet som i dag, men supplert med ei moderat produksjonsavgift som sikrar vertskommunane litt meir føreseielege inntekter.

- Desse inntektene må ikkje inngå i skatteutjamninga. Øygarden kommune er usamd i at inntektene til staten skal auka ytterlegare ved å redusere kommunale sine inntekter, heiter det i uttalen. 10 av dei 11 medlemene i formannskapet slutta seg til dette.

Maria Thomassen i MDG støtta innstillinga i NOU-utgreiinga. - Klikk for stort bileteMaria Thomassen i MDG støtta innstillinga i NOU-utgreiinga. Vigleik Brekke Mindretalet, Miljøpartiet Dei Grøne, slutta seg til den politiske retninga som NOU-utgreiinga (NOU 2019:18) legg opp til. I utgreiinga vart det mellom anna føreslått at auksjonsinntektene for nye konsesjonar for havbruk skal gå til staten og at kommunesektoren vert kompensert ved at det vert innført ei produksjonsavgift som skal gå til vertskommunane.

Støttar pilotprosjekt for CO2-lagring

Formannskapet vedtok også uttale til konsekvensutgreiinga for Northern Lights (fullskala CO2 demonstrasjonsprosjekt i regi av staten). Formannskapet støttar den planlagde etableringa i Naturgassparken Vest i Øygarden og ser på dette som eit viktig klima- og miljøprosjekt. Formannskapet er nøgd med at konsekvensutgreiinga ikkje har avdekt miljø- eller samfunnsmessige konsekvensar som tilseier at prosjektet ikkje bør realiserast. I uttalen heiter det også at det vert lagt til grunn at det vert utført avbøtande tiltak knytt til klima- og miljøkonsekvensar i samsvar med det som konsekvensutgreiinga nemner.

Northern Light er eit mottaksanlegg av CO2 som skal senda gassen gjennom røyr for lagring under havbotnen. Prosjektet er avhengig av investeringsvedtak hjå partnarane og til sist i Stortinget. Det er Equinor ASA som har utnyttingsløyve og som er peika ut som operatør for karbonfangsten og lagringa av CO2.

Formannskapsmøtet vart halde i velferdsbygget på Kollsnes prosessanlegg. Før behandlinga av sakene, fekk politikarane omvising og informasjon om olje- og gassproduksjonen. 

Møtet vart halde i velferdsbygget på Kollsnes prosessanlegg. Det vart tid til omvising. - Klikk for stort bileteMøtet vart halde i velferdsbygget på Kollsnes prosessanlegg. Det vart også tid til omvising og høve til å sjå anlegget frå utsiktspunktet som vart laga til då Kong Harald opna anlegget i 1996. Vigeik Brekke   

Andre saker i formannskapet 14. januar

  • Debatthefte 2020 KS bærekraftig velferd, rekruttering og hovudtariffoppgjer
    Formannskapet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren. Eit mindretal på tre medlemer (Ap., MDG og Sp) ville ha ei endring på svaret som vart gjeve om deltidstilsette. Dei tre medlemene ville endra svaret slik at ein held fast på 12-månadersregelen for deltidstilsette.
     
  • Val av politisk utval for oppfølging av kommunedirektøren
    Ordførar Tom Georg Indrevik (H), varaordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) og Marianne Sandahl Bjorøy vart valde til å utgjera det politiske utvalet. Utvalet får mynde til å følgja opp arbeidsgjevaransvaret overfor kommunedirektøren slik det går fram av saka.
  • Oppretting av gebyrutval for perioden 2020-2023
    Utvalet vert samansett  av Benjamin Nyborg (Frp, leiar), Ernst Einarsen (H, nestleiar), Silvia Haugland, Hege Misje, Sylvi Mariann Heggeland (Sp)?? og Espen Harkestad (Ap).
     
  • Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge
    Formannskapet slutta seg til prioriteringane til kommunedirektøren. Bufdir har bedt kommunane å vurdera og rangera søknadene innan 31. januar. I saksutgreiinga er søknadene presentert og prioritert. Her er saksutgreiinga.
  •  

  • Tekst og foto: Vigleik Brekke