Vil ha innspel til planar

Dei kollektivreisande møtte ivrige politikar på bussterminalen på Straume tysdag morgon.
- Vi vil gjerne at flest mogleg engasjerer seg i arbeidet med to planar vi er i startfasen på, seier Ernst Einarsen.

Sarah Lise Bøe (til venstre) og Silje Breivik var mellom dei som Ernst Einarsen og dei andre politikarane møtte på terminalen på Straume tysdag. - Klikk for stort bileteSarah Lise Bøe (til venstre) og Silje Breivik var mellom dei som Ernst Einarsen og dei andre politikarane møtte på terminalen på Straume tysdag. Ida-Celine Gulbrandsøy

Einarsen er nestleiar i utval for tenester og levekår og leiar i råd for personar med funksjonsnedsetjing. Med seg på terminalen på Straume tysdag morgon hadde han varaordførar Torill Selsvold Nyborg og leiar i utval for tenester og levekår, Jan Utkilen. Dei reisande møtte også politikarar på terminalen i Skogsskiftet.

Det er i samband med høyringsprosessen for det pågåande arbeidet med temaplanar for bustadsosiale tilhøve og strategisk plan for kultur idrett og frivilligheit at politikarane utfordrar folk til å engasjera seg og gje innspel.

Politikarane i kommunestyret var inviterte til å delta i morgonaksjonar for å skape merksemd rundt planarbeidet.

- Vi oppmodar alle til å koma med innspel som kan takast med i vurderingane som skal gjerast når ein etter kvart utpå vårparten går vidare med å lage konkrete mål og tiltak for å få til den utviklinga ein ønskjer, seier Einarsen.