Vil ha eit attraktivt regionsenter

Ordførar Tom Georg Indrevik har ambisiøse mål for utviklinga av Straume.
- Vi skal ta mål av oss å verta det mest attraktive regionsenteret i Noreg. Det sa ordførar Tom Georg Indrevik då han onsdag denne veka innleia på oppstartseminaret for parallelloppdrag Straume. Dagen vart avslutta med eit ope møte i kultursalen.

Kåre Bjorøy, nummer to frå venstre, forklarar kva som er gjort og kva som skal gjerast i området mellom Grønamyrvegen og Straumsfjellet - Klikk for stort bileteKåre Bjorøy i SartorDrange (nummer to frå venstre) forklarar kva som er gjort og kva som skal gjerast i området mellom Grønamyrvegen og Straumsfjellet.


Av 18 arkitektsaktørar som melde seg i konkurransen om å utvikla idear for Stovevatn-området, er NORD Architecture AS og Vill Arkitektur AS plukka ut for å arbeida med dette. I mars 2023 skal dei presentera ideane sine for bruk av området, mellom anna i form av ei offentleg utstilling.  

Den nye riksvegen skal gå i tunell under Straume. Som ein konsekvens av dette skal Stovevatnet fyllast igjen og hevast opp til omkringliggande terreng. Premissar for bruken av dette området er Sotrasambandet, ny vidaregåande skule og flytting av kollektivterminal.

- Vi må også verta best på mobilitet til og frå senteret og internt i senterområdet, sa ordføraren

På samlinga var det fleire andre som også var opptekne av korleis ein kan koma seg til og frå ulike delar av Straume-området. 

Strategisk dokument

Kommunedirektør Johnny Breivik sa at rapporten som skal utarbeidast av ein evalueringskomité, skal vera eit strategisk dokument som vi kan få nytte av. Rapporten skal mellom anna gje 10 konkrete råd for bruk og utvikling av området.

Assisterande kommunalsjef i Kultur og samfunn og prosjektleiar Rune Landro understreka at kommunen eig prosjektet og ønskjer å ta styring med utviklinga av regionsenteret. Det er behov for fleire folk i sentrumsområdet og fleire forskjellige folk. I dette arbeidet treng ein gode tankar om korleis ein skal utvikla området.

- Vi skal finna gode måtar å få innspel til dette arbeidet. Og, ja, vi ønskjer reell medverknad, understreka han. På grunnlag av rapporten, vert det i 2023 starta opp med reguleringsarbeid for området.

Frå venstre; Rune Landro (prosjektleiar), Johnny Breivik (kommunedirektør), Kåre Bjorøy, Lisbeth Selstø (areal- og samfunnsplan), Gisle Natås (NAL), Merete Hauge (Vestland fylke), Linn-Cecilie Martinson (areal- og samfunnsplan), Lars Kristensen (Vestland fylke), Johnny Anders Straume (Straume Bensin), Eric Reid (Edit Atelier), Silje Haukedal (kommunalsjef for Kultur og samfunn), Vaar Bothner (Edit Atelier), Anders S. Eide (Vill), Johannes Pedersen (Nord), Anne Irene Ulveseth (Brødrene Ulveseth), Mari Lien (Nord), Roy-Eddy Lie (Liegruppen), Bård Sødal Grasbekk (NAL), Kari-Anne Landro (påtroppande leiar i Vest Næringsråd), Ernst Einarsen (Sartor Holding), Marius Sylta (kommunalsjef Oppvekst), Christian Alsaker (prosjektleiar Kultur og samfunn) og Fredrik Barth (Vill) - Klikk for stort bileteFrå venstre; Rune Landro (prosjektleiar), Johnny Breivik (kommunedirektør), Kåre Bjorøy, Lisbeth Selstø (areal- og samfunnsplan), Gisle Natås (NAL), Merete Hauge (Vestland fylke), Linn-Cecilie Martinson (areal- og samfunnsplan), Lars Kristensen (Vestland fylke), Johnny Anders Straume (Straume Bensin), Eric Reid (Edit Atelier), Silje Haukedal (kommunalsjef for Kultur og samfunn), Vaar Bothner (Edit Atelier), Anders S. Eide (Vill), Johannes Pedersen (Nord), Anne Irene Ulveseth (Brødrene Ulveseth), Mari Lien (Nord), Roy-Eddy Lie (Liegruppen), Bård Sødal Grasbekk (NAL), Kari-Anne Landro (påtroppande leiar i Vest Næringsråd), Ernst Einarsen (Sartor Holding), Marius Sylta (kommunalsjef Oppvekst), Christian Alsaker (prosjektleiar Kultur og samfunn) og Fredrik Barth (Vill)


Gruppearbeid

I løpet av seminardagen var det to økter med gruppearbeid (mellom anna på det opne kveldsmøtet) der deltakarane vart utfordra til å koma med innspel til korleis ein kan utvikla området mellom Sartor Storsenter og rådhuset (Stovevatnet).

Eit tema som gjekk igjen, var avstandar mellom ulike delar av området og korleis ein kan bevega seg i området, både under og over bakken. Folk opplever gjerne avstanden større enn han i realiteten er. Mobilitetsaksane må verta synleg og tilgjengeleg for folk.

Her er nokre av innspela som kom fram under gruppesamtalane:

  • Infrastruktur tilrettelagt for folk i alle aldrar
  • Meir grøntareal og at vatn vert ein del av området
  • Tydeleg offentleg nærvær
  • Synergi og sambruk av bygg og areal
  • Sikra god miks av dei som bur i området
  • Variasjon i bygningsmassen
  • Tilgang til sjø
  • Bruka Straumemila for å binda saman delar av området
  • Møteplassar med utsikt
  • Badeland
  • Få bilar vekk frå hovudgater i sentrum
  • Terrengtilpassa arkitektur
  • Serveringsplassar ute med overbygg
  • Betre gang- og sykkelvegar

I plenumssamtalen på det opne kveldsmøtet vart det stilt spørsmål om rullering av kommunedelplanen for Straume. Liv Strømme ønskte meir informasjon om kva som skjer i området.

Kjell Nordal-Pedersen meinte at ein campus må vera knytt til idrettsparken.

- Idrett og skule må liggja saman, mente han.

Frå gruppearbeid på samling i kultursalen - Klikk for stort bileteFrå gruppearbeid på samling i kultursalen.


To arkitektsteam

NORD Architecture AS og Vill Arkitektur AS får kvar sine 550 tusen kroner for å utarbeida idear for området. Ideane skal presenterast på eit sluttseminar og i ei offentleg utstilling i mars. I mellomtida vert det arrangert eit midtseminar.

På eit oppstartseminar er det for tidleg for dei to arkitektteama å seia noko om kva dei tenkjer om bruken og utviklinga av det aktuelle området. Det handlar mykje om å verta kjend med området og få innspel frå aktørar og folk flest. Midt på dagen vandra seminardeltakarane gjennom Straume-området. Der fekk dei informasjon om kva som er det i dag og kva planar som ligg fram i tid.

Vill Arkitektur AS, vart etablert i 2018, og er lokalisert i Villhuset i Bergen. Det er eit fellesskap av arkitektar, designarar, interiørarkitektar, scenografar, agronomar og sosiale entreprenørar. Selskapet har allereie hatt samarbeidsprosjekt med Sartor Holding.

- Vi er opptekne av at vi to arkitektaktørar ikkje konkurrerer oss imellom, men er open for å dela ideane til kvarandre, sa Fredrik Barth i Vill.

Nord Architecture AS har sitt hovudkontor i København, men fleire av dei tilsette har norske røter.

- De kan vera stolte av det høge nivået i Helselandsbyen. Vi opplever at det er lokal energi til å få dette til, sa Johannes Pedersen.

Ein evalueringskomité leia av Norske arkitekters landsforbund (NAL) er sentral i arbeidet med parallelloppdraget. Gisle Nataas og Bård Sødal Grasbekk frå NAL deltok på seminaret.

I eit innlegg understreka Sødal Grasbekk at økologisk berekraft inneber mellom anna at ein bør fortetta utbygde område framfor å byggja ned grøntområde.

- Visjonen er å kombinera arkitektur og visjon med forskingsbaserte kriterium for berekraftig utvikling. Vi vil visa korleis prosjekt i området kan løysast i samsvar med framtidas klimakrav. Vi ønskjer å teikna utruleg fine ting, sa han.


Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå startsamlinga:

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bilete
Arkitektteama og NAL: Frå venstre; Gisle Nataas, Anders S. Eide, Eric Reid, Vaar Bothner, Johannes Pedersen, Mari Lien, Fredrik Barth og Bård Sødal Grasbekk - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
ohnny Anders Straume og Lisbeth Selstø - Klikk for stort bilete
Johnny Breivik og Rune Landro - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå venstre; Rune Landro,  Kristina Espeseth og Kjell Nordahl-Pedersen - Klikk for stort bilete