Vil ha dialog om ny godshamn

Kommunedirektøren føreslår i ei sak om finansiering og flytting av godshamna til Ågotnes at Bergen Havn AS går i dialog med CCB AS og eigarane av basen på Ågotnes for å utgreia ei heilskapleg og framtidsretta hamneløysing på Ågotnes, som også inkluderer utanlandsferjer.

Saka skal til behandling i formannskapet den 21. mars og seinare i kommunestyret.

Kommunedirektøren viser til at Bergen Havn AS den siste tida har arbeidd med ei nedskalert løysing for flytting av godshamna, etter signal frå eigarane i eigarmøte hausten 2022. Selskapet har nyleg presentert utkast til to alternativ, der det blant anna vert skissert ei løysing med utanlandsferjer og noko godshandtering på Flesland.

Kommunedirektøren meiner det er rett og nødvendig å vurdera ei meir kostnadseffektiv flytting av hamna, men at alternativet med ei mogleg splitting av godshamna på fleire lokalsjonar ikkje ivaretek ambisjonen om ei framtidsretta og konkurransedyktig hamn.

I tilrådinga går det fram at ein ber hamneselskapet fokusera på løysingar som fremjar sjøtransporten i regionen i samsvar med vedtekne strategiar og visjonar. Behovet for investering i nye hamneanlegg er eit resultat av behovet Bergen kommune har for å nytta dagens anlegg til byfornying. Bergen kommune er slik sett forplikta til å setja hamneselskapet i stand til å gjennomføra investeringane som er nødvendige.

Møte i formannskapet den 21. mars vert halde i Øygarden rådhus på Straume (kultursalen) og tek til klokka 14.00. Her kan du lesa innkalling og saksdokument for alle sakene.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto/illustrasjon: COWI, Vill Urbanisme og CIVITAS