Vil du vere valmedarbeidar i (nye) Øygarden kommune?

valglogo_gull_nynorsk.jpg - Klikk for stort bilete Kommune- og fylkestingsvalet 2019 skal gjennomførast som om Fjell, Sund og Øygarden alt er slått saman til (nye) Øygarden kommune. Vi treng fleire samfunnsengasjerte personar til å delta i valgjennomføringa på valdagen.


Har du lyst til å vere med?

Kven ser vi etter?

  • Du må være fylt 18 år.
  • Du kan ikkje vere listekandidat ved kommunestyre- eller fylkestingsvalet i Øygarden kommune.
  • Du må vere serviceinnstilt, nøyaktig og ha gode kunnskapar om bruk av elektronisk verktøy (PC og Smart-telefon)
  • Du må ha god helse og arbeidskapasitet, og kunne vere aktiv store deler av dagen.
  • Du må kunne rettleie veljarar og vere fleksibel ved jobbrotasjon.
  • Du må ha tatt i bruk MinID eller BankID, og være kjent med bruken av dette. (pålogging til det valadministrative systemet).
  • Du må kunne delta på obligatorisk 3 timars opplæring i august.
  • Du treng ikkje vere busett i kommunane

Når skjer valet?

Valet foregår i 17 ulike vallokale mandag 9. september. Vallokala er opne for veljarane frå kl. 09:00 til kl. 21:00.
Arbeidsdagen for valmedarbeidarane kan verta delt inn i to skift, men det er opp til leiar i røystestyret å organisere arbeidet i vallokalet.

Arbeidsoppgåver:

  • Ta i mot og rettleie veljarar
  • Kontrollere legitimasjon
  • Søkje opp veljarane i elektronisk manntal og krysse av for avlevert røystesetel
  • Stemple røystesetlane
  • Sikre at veljarane legg setlane riktig i urnene
  • Telje røystesetlar når stemmegivinga er ferdig kl. 21:00
  • Også andre oppgåver kan verta lagt til valmedarbeidarane på valdagen

Vallokale i (nye) Øygarden kommune:

 

Noverande Sund kommune Noverande Fjell kommune Noverande Øygarden kommune
Sund skule/grendahus Ulveset skule Toftøy skule
Stranda skule/hall Skålvik skule Hjeltefjorden Arena
Glesnes skule Ågotneshallen Blomvåg skule
Telavåg skule Bildøyhallen Tjeldstø skule
Skogsvåg skule Foldnes skule  
  Brattholmen skule  
  Bjorøy skule  
  Hjelteryggen  

 

Organisering og betaling:

Kvar krins/vallokale har eit røystestyre på tre personar; leiar, nestleiar og medlem. Desse har det formelle ansvaret og administrerer røystegivinga i vallokalet.

Alle som deltek vert godtgjort for arbeidet på valdagen og for den obligatoriske opplæringa.

Satsane er:

Medlemer i røystestyra og andre valmedarbeidarar: kr 225,- pr time
Leiar i røystestyret får eit funksjonstillegg på: kr 750 pr dag
For å delta på 3-4 timars obligatorisk opplæring: kr 500
For å delta i klargjering av vallokale før valdagen: kr 500.

Obligatorisk opplæring:

Alle må møte på opplæring i regelverk, rutinar og datasystem. Det er sett opp tre opplæringsdatoar – 20., 21. og 28. august frå kl 17.00 til kl 20.00 i Fjell rådhus. Du treng berre delta på ei opplærings-samling.

Kommunikasjon mellom valmedarbeidar og valsekretariat vil skje via ein App.

I søknadsskjemaet kan du krysse av for kva lokale du vil føretrekkje å arbeide i eller om du er fleksibel og kan arbeide i kva som helst av dei 17 lokala.

Du vil og få spørsmål om du har høve til å arbeide heile valdagen (frå  08.00 – ca 23.00) eller om du ønskjer å arbeide halv dag.

Gå til søknadsskjema

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 10.05.2019
Fann du det du leita etter?