Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Vil du læra å synga, dansa, spela eit instrument, spela teater eller tegna og mala?

Øygarden kulturskule er ein stad der barn og unge (og i nokre tilfelle vaksne) kan få opplæring på kunst og kulturfag, av profesjonelle og motiverande lærarar som gir alle elevar god oppfølgjing.

Klikk for stort bilete

Ledige plassar

Frå hausten har vi ledige elevplassar på fleire fag i Øygarden kulturskule:

  • Dans
  • Teater
  • Kunst
  • Gitar
  • Kulturskulekoret

Undervisning

Vi har undervisning på ulike stader over heile kommunen. Under kulturskulen finn du informasjon om undervisningsstader, lærarar, pris og annan viktig informasjon. Her er det óg mogleg å søkja om elevplass. Nokre av faga har ventelister, og då mottar du elevplass når det vert ledig.

Kontakt oss

Kontakt oss på kulturskulen@oygarden.kommune.no eller 55 09 68 00.