Vil du bli lærling hos oss?

Frå v Jacob, Kim, Jeanette, Kristine, Hilde, Oliver - Klikk for stort bileteFrå v Jacob, Kim, Jeanette, Kristine, Hilde, Oliver Øygarden kommune har lyst ut stillingar for lærlingar, og ynskjer nye søkjarar hjartans velkomne! Treng du førstehands informasjon om korleis det er å vera lærling i Øygarden, kan vi setja deg i kontakt med dei som allerede er lærlingar hos oss, eller dei som er ferdige. For her får du presentert nokre av våre lærlingar som enten er ferdige og er i fast jobb, eller snart ferdige.

Hilde - Klikk for stort bileteHilde

Barne - og ungdomdarbeidaren: Hilde Langøen Oen er 24 år og har vore ferdig barne - og ungdomsarbeidar i fire år. Ho fekk fast 100% stilling same dag som ho tok fagbrevet. Ho hadde lærlingetida i Terna barnehage, på Toftøy skule og Øygarden ungdomsskule. Før ho byrja som lærling, tok ho studiekompetanse, slik at ho i framtida kan studera på eit høgare nivå. Ho stortrives i Terna barnehage, der ho jobbar med førskuleborna. I framtida kan ho tenkja seg å ta spesialpedagogisk kurs via arbeidsgjevar, og kanskje bli førskulelærar? Ein sak er klar: Ho skal alltid bu i Øygarden!

Grunder og kokk Oliver - Klikk for stort bileteGrunder og kokk Oliver Grundaren: Oliver Torsvik er utdanna kokk og starta Lux Cafe' på Rong 1. mars i år, og har allerede som 23 åring nådd ein av draumane sine. Han har laga mat sidan han var ein liten gut, og visste tidleg kva han skulle bli. Kokkelærlingetida hadde han i Øygarden kommune på Tednebakkane omsorgssenter, og dei tre siste åra har han jobba i restaurantbransjen på Flesland. No drøymer han om å klara å leva av bedrifta si, skapa fleire arbeidsplassar og utvida kafe - og cateringbedrifta til fleire stader. Skulle han studera vidare, måtte det vera til ernæringsfysiolog.

Kontor og administrasjonslærlingane: Kristine til venstre og Jeanette - Klikk for stort bileteKristine til venstre og Jeanette

Vitjar du rådhuset på Rong møter du kanskje på desse to unge damene i Servicetorget.  Kristine Buschman Turøy  (21 ) får snart fagbrev i kontor - og administrasjonsfag, og drøymer om å få fortsetja på ein arbeidsplass som ho stortrives med. Jeanette Hansen (34)  har jobba nokre år og har tidlegare tatt dei teoretiske faga på eit 1/2 år gjennom vaksenopplæring. Ho må ha 5 års praksis for å få godkjent fagbrevet, og har no eitt år igjen. Dei har praksis i Stabsavdelinga i administrasjonen og er innom økonomi - og personalavdelinga, arkiv og Servicetorg. Då Kristine gjekk på ungdomsskulen og var skulelei, valgte ho dette fagbrevet fordi ho trudde det var lite å gjera, men der tok ho kraftig feil!! Men begge stortrives og drøymer om fast jobb i den nye kommunen og kanskje studera vidare for å kvalifisera seg innan HR og personalarbeid.

IKT-gutane: frå v Jacob, Kim - Klikk for stort biletefrå v Jacob, Kim

Jacob Oen ( 21)og Kim Harkestad (19) skal ta fagbrev innan IKT til hausten. Jacob er så heldig at han fekk lærlingplass på IT-avdelinga i Øygarden, medan Kim ikkje fekk lærlingeplass og må ta lærlingetida via teorien på VG 3. Han har praksis på IT-avdelinga saman med Jacob ein gong i veka. Å gå den teoretiske vegen er meir krevande og strykprosenten er høgare hos VG3 - kandidatane, fortel dei. Medan Jacob har prøvd fleire yrkesretningar, går Kim i storebroren sine spor og han har interessert seg for data og tekniske innretningar så lenge han kan hugse. Begge kan ta eit år med teori og få studiekompetanse, men akkurat no er dei mest opptatt av å få jobb når dei har fått fagbrevet i hende. Båe ynskjer seg jobb i den nye kommunen og få læra meir. For læring er spennande og dette faget fordrar at du er nysgjerrig og løyser nye utfordringar heile tida, dei opplever å ha høg grad av friheit og dei  kan jobba sjølvstendig. Og det beste av alt er at ein tenar eigne pengar i lærlingetida, meiner Jacob. Så heldig er ikkje Kim, så han ser fram til å få jobb. Skjer ikkje det, vil dei ta vidare skule for å få studiekompetanse frå hausten.  

Velkommen til oss!
Har du lyst til å søkja på lærlingeplass er du hjartans velkommen. Har du spørsmål, ta kontakt med personalavdelinga så skal me hjelpa deg. Søk via Søknadssenteret vårt.

Søknadsfrist 18. april.

Publisert av Ingunn Teigen - tekst og foto. Sist endra 24.04.2017
Fann du det du leita etter?