Vil bruka pengar på haldningskampanje

Formannskapet tilrår kommunestyret å løyva to hundre tusen kroner som eit kommunal bidrag til ein haldningskampanje for auka bruk av buss.

Frå møtet i formannskapet tysdag - Klikk for stort bileteFrå møtet i formannskapet tysdag. 

 

Det vert tilrådd at kostnaden vert dekt ved bruk av beløningsmidlar frå Miljøløftet. Det vert elles tilrådd å ta innhaldet i saka til orientering.

Saka gjev ein status i det vidare arbeidet som er gjennomført av ei trafikk- og mobilitetsgruppe som skulle sjå på moglege tiltak for å få redusert trafikkmengda gjennom Straume i rushtida. Politisk er det presentert tre moglege tiltak som skal betra trafikkflyten. Det gjeld haldningskampanje like etter ferien, minibussystem i samarbeid med næringslivet og gratis kollektivtransport. 

I tilrådinga er det altså føreslått å løyva to hundre tusen til haldningskampanjen. Saka vert avgjort i kommunestyret komande torsdag. 

Ikkje realitetsbehandling av revidert budsjett

Formannskapet tok saka om revidert budsjett til orientering og vil koma tilbake til behandling av saka i kommunestyret.

Kommunedirektøren vil på det møtet leggja fram tilleggsmerknad/innstilling som viser konsekvensane av forliket som denne veka er inngått mellom regjeringspartia og SV om revidert nasjonalbudsjett. 

Kjøper grunn til parkering ved Festningsvegen

Formannskapet sluttar seg til prinsippet om å kjøpa grunn til parkering ved Festningsvegen. Det vil til kommunestyret på torsdag verta lagt fram endringsforslag som omhandlar det som vart etterlyst i punkt 2 og 3 i tilrådinga frå utval for samfunnsutvikling.

Tilrår avtale om forskottering av Ebbesvikvegen

Formannskapet tilrår at det vert inngått ein avtale om overføring av justeringsrett for meirverdiavgift mellom Øygarden kommune og Soli Eigedom AS. Dette føreset at vegen og veggrunnen vert overført vederlagsfritt frå Soli Eiendom AS til Øygarden kommune. Av det avgiftsbeløpet Øygarden kommune mottek frå staten, vert 80 % tilbakebetalt til Soli Eigedom AS medan Øygarden kommune beheld 20 %. Vegen og offentleg areal skal vera opparbeidd i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Reviderer innkjøpsstrategi

Formannskapet gav også tilråding i saka om retningslinjer for grøne innkjøp for Øygarden kommune. Det er tilrådd å revidera og oppdatera innkjøpsstrategien innan utgangen av noverande innkjøpsstrategi 2023. Omsynet til klima og miljø skal vektleggjast i innkjøpsstrategien. Vidare vert kommunedirektøren beden om å gje ei nærare orientering om korleis arbeidet med miljø og klima skal organiserast og arbeidast med i kommunen.

Trappar opp aksjonssenter

Formannskapet tilrår overfor kommunestyret at aksjonssenteret på Øygarden lokalmedisinske senter vert trappa opp til trinn 2, med unnatak av utvida opningstid. Det vert løyvd 1,6 millionar kroner til opptrapping med to årsverk.  Investeringskostnader knytt til teknologisk plattform og aktuelle IKT-verktøy vil ein koma tilbake til i arbeidet med budsjettet for 2023.

Evaluering av storbrannen i juni 2021

Formannskapet tok rapport om evaluering av kommunal kriseleiing (KKL) under storbrannen på Sotra i juni 2021 til orientering. Kommunedirektøren skriv i saka at alt i alt handterte KKL og organisasjonen hendinga svært bra. Sjølv om det til tider vart opplevd som lettare kaotisk, viste heile organisasjonen ein fleksibilitet og ståvilje som var heilt unik. 

Retningslinjer hatefulle ytringar og truslar 

Formannskapet vedtok «Rutine for handtering av hatefulle ytringar og truslar mot folkevalde» slik han låg føre. Rutinen Denne rutinen viser i ei kortfatta form kor og korleis den enkelte folkevalde kan varsla for å få hjelp. Det gjeld hjelp både for å hindra og/eller stoppa pågåande utrivelegheiter og hendingar, men også kor og korleis det er hjelp å få for å bearbeida opplevingar i etterkant.

Flytting av godshamn til Ågotnes

Formannskapet tok ei orienteringssak om planane om å flytta godshamna frå Dokken i Bergen til Ågotnes til orientering. 

Kommunedirektøren skriv i saka at på det noverande tidspunktet er det knytt uvisse både til estimert kostnadsramme og korleis denne skal fordelast mellom eigarane. Etablering av godshamna på Ågotnes vil etter kommunedirektøren si vurdering vera eit positivt bidrag for både Ågotnes og Øygarden kommune, men også Vestlandet som region.

Søknad om ekstrapengar til Øygarden brann og redning (ØBE)

Styret i ØBE har bedt kommunestyret om 1,2 millionar kroner i ekstra driftsmidlar for å dekkja ekstrakostnader. Formannskapet tok saka til orientering og vil vurdera saka i samband med behandlinga av revidert budsjett i kommunestyret komande torsdag, 

Årsmeldingar og rekneskap

Formannskapet behandla fleire årsmeldingar og rekneskap som går til endeleg behandling i kommunestyret.

  • Øygarden kommune
    Det vert tilrådd å godkjenna årsmelding og årsrekneskap og konsolidert årsrekneskap for 2021. Årsrekneskapen viser eit negativt netto driftsresultat på 10 millionar kroner. Det vert tilrådd å godkjenna at utlån på 75 millionar kroner til Bergen Hamn Ågotnes AS verkt dekt ved bruk av ubundne investeringsfond.
     
  • Finansrapport pr. 31.12.2021 for Øygarden kommune vert tilrådd teken til orientering.
     
  • Øygarden brann og redning KF
    Formannskapet tilrår å godkjenna årsmeldinga og rekneskapen for 2021.
     
  • Øygarden bustadutvikling
    Formannskapet tilrår å godkjenna årsmeldinga og rekneskapen for 2021.
     
  • Øygarden næringsutvikling KF
    Formannskapet tilrår å godkjenna årsmeldinga og rekneskapen for 2021.

Andre saker

  • Formannskapet godkjende forhandlingsresultatet som KS har sendt til kommunane i samband med uravrøysting ved tariffrevisjonen 2022. 
     
  • Styret i ØBU har vedteke budsjettrevisjon for Øygarden bustadutvikling KF i driftsåret 2022 slik han ligg føre og rår kommunestyret til å ta saka til orientering.
     
  • Formannskapet tilrår å rebudsjettera investeringar frå 2021 til 2022 finansiert med ubrukte lånemidlar og momskompensasjon slik det går fram av saka.