Viktig del av samfunnsoppdraget

Torsdag denne veka fekk Bygger`n Straume tildelt Miljøfyrtårnsertifikat.
- Det er viktig å visa overfor kundane at bedrifta er sertifisert, seier ordførar Tom Georg Indrevik som overrekte sertifikatet.

Det var dagleg leiar Eddie Bøe (til venstre) som på vegner av Bygger´n tok i mot Miljøsertifikatet av ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteDet var dagleg leiar Eddie Bøe (til venstre) som på vegner av Bygger´n tok i mot Miljøsertifikatet av ordførar Tom Georg Indrevik.  

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Bygger´n på Straume er eigd av E.A. Smith. Smith Stål er også etablert på Straume. Totalt eig E.A. Smith halvparten av dei 100 Bygger´n-utsala i landet.

Dagleg leiar i Bygger´n Straume, Eddie Bøe, opplyser at det er 10 årsverk på bedrifta i Smålonane. 65 prosent av kundane er proffkundar. Avdelinga er mellom dei største i kjeda i Vestland fylke.

Bygger´n sentralt har som mål at alle avdelingane skal sertifiserast, og avdelinga på Straume er den første i landet i kjeda som er miljøsertifisert.

- Dette er ein viktig del av samfunnsoppdraget. Vi skal skapa berekraftige lokalsamfunn, og Miljøfyrtårnsertifisering hjelper oss med å jobba systematisk med miljøpåverknaden knytt til avfall, energi, transport og innkjøp. Det sikrar også ein gjennomgang på HMT-området (HMT: helse, miljø og tryggleik). Miljøfyrtårnsertifikat krev gjennomgang av mange prosedyrar, seier Eddie Bøe.

Bøe opplyser elles at det er inngått innkjøpsavtale med Bergen og fleire andre kommunar i bergensområdet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke