Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

Vidarefører tiltaka mot koronavirus

Regjeringa har i dag avgjort å vidareføra alle tiltaka som er sette i verk for å kjempa mot koronaviruset i landet. Tiltaka vert vidareførte til og med 13. april. Skulane og barnehagane vert dermed stengde i første omgang fram til og med påske. Ordførar Tom Georg Indrevik støttar konklusjonen til regjeringa.

Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete frå Hamramyra barnehage 

Barnehagebarn og barn på småskuletrinnet med foreldre som har samfunnskritiske funksjonar, held fram med å få eit tilbod i barnehagen og skulen sin.

Støttar forlenging av tiltaka

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at vi er inne i ein alvorleg situasjon og at tiltaka må halda fram.

- Eg støttar regjeringa fullt ut i at tiltaka må halda fram. Det er klokt å vidareføra pålegga og dermed få kunnskap om tiltaka gjev effekt. Eg trur også vi må vera budde på at tiltaka kan verta forlenga utover 13. april. No rår eg oss alle til å følgja råda frå sentrale og lokale styresmakter, seier Indrevik.

Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik 

På pressekonferansen sa statsminister Erna Solberg at tiltaka ser ut til å bremsa smitten, men at vi treng meir tid for å sjå kva effekt dei har.

- Det er for tidleg å konkludera om tiltaka er effektive. Det viktigaste er å sikra at dei som vert alvorleg sjuke, kan få hjelp og at helsetenesta ikkje vert overbelasta. Vi må halda fram dugnaden for å slå ned smitta, sa statsministeren.

Avstand og hald god hygiene

Ute i det offentlige rom, bør folk ha minst eín meters avstand til andre menneske. Når ein er ute, bør ein ikkje vera meir enn fem personar saman i gruppe, med unnatak av dei som er i familie eller i same husstand. Innandørs bør folk ha ein avstand på minst to meter til kvarandre, men det gjeld ikkje dei som er i familie eller i same husstand.

Dei strenge hygienetiltaka held fram. Folk må halda fysisk avstand til kvarandre, ha god handhygiene og hosta i papir eller albogekroken. Reglane om karantene og isolasjon vert vidareførde.

Les pressemeldinga frå regjeringa her

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

Kontakt oss om koronaviruset


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Servicetelefon
Telefon 56 16 00 10
måndag-fredag kl 08.00-20.00
laurdag og sundag kl 10.00-16.00
For praktiske spørsmål som
ikkje handlar om helse


Legevakt
Telefon 116 117


Heimetenesta
Sone nord: 56 16 16 63
Sone Straume: 55 09 71 90
Sone sør: 56 33 97 45


Helsestasjon og skulehelsetenesta
Telefon 56 12 20 30
måndag-fredag kl 09.00-11.30
og 12.00-14.00


Jordmor
Telefon 56 12 20 20
måndag-fredag kl 09.00-11.30
og 12.00-14.00


Helsesjukepleiar flyktningar
Telefon 55 09 61 49 | SMS 959 99 399


Helsestasjon for ungdom
SMS "treng time" for konsultasjon
905 81 273 vi ringjer deg opp igjen


NAV
Telefon 55 55 33 33
For arbeidsgjevarar 55 55 33 36


Barnevernet
Telefon 55 09 71 40
måndag-fredag kl 08.00-15.30
og 974 00 734 ettermiddag, kveld og helg


Konsultasjonsteamet
for vald og overgrepssaker

Telefon 915 68 382 (barn og unge)
og 911 37 726 (vaksne)


Frivillig/hjelp?
Meld deg som frivillig | Treng du hjelp?