Aktuell informasjon

Vidarefører gratis skyss for ukrainske flyktningar

Fylket har vedteke å vidareføra ordninga med gratis kollektivtransport for ukrainske flyktningar fram til torsdag 1. september.

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto  

Tidlegare i juli sende fylkeskommunen ei orientering til kommunane om at ordninga med gratis skyss skulle opphøyra den 10. juli. Skyss opplyser i eit brev til kommunane at  Vestland fylkeskommune no har vedteke å forlenga gratisordninga.

Det betyr at ukrainske flyktningar får reisa gratis med kollektivtransport til og med onsdag 31. august. Ukrainske flyktningar reiser som tidlegare gratis på buss, båt, bybane og fylkesvegferjene i Vestland mot framsyning av ukrainsk pass eller ID-kort.

Tekst og foto: Vigleik Brekke