- No startar arbeidet med å bruka verktøyet. Det seier personalsjef i Tores Auto AS, Kristian Høyden, etter at verkstaden på Ågotnes tysdag fekk overrekt Miljøfyrtårn-sertifikat frå ordførar Tom Georg Indrevik.
I dag var det Tore Auto som fekk overrekt Miljøfyrtårn-sertifikat. Frå venstre; Kristian Høyden (personalsjef), ordførar Tom Georg Indrevik, Bjørn Johan Ruud (avdelingsleiar Ågotnes) og Marius Haarvei (dagleg leiar i Tores Auto).
Tores Auto har sju lokasjonar i bergensområdet med ein totalomsetnad på 72 millionar kroner (2021).
- Vi har for det meste privatkundar som kjem med bilar som er mellom fem og 15 år gamle, seier dagleg leiar for Tores Auto, Marius Haarvei.
Når no verkstaden på Ågotnes har fått sitt sertifikat, er alle verkstadene sertifisert. Bedrifta forventar at kundane stiller krav til fokus på miljøet.
- Målet vårt er å vera i forkant. No startar arbeidet med å bruka verktøyet. Vi kartlegg energiforbruk, utslepp og arbeidsmiljøet. Vi har teke ein status på kvar vi var når det gjeld desse områda og gjennomfører løpande forbetringar etter dei kriteria som vert stilte. Vi har opplevd dette som svært lærerikt, seier Høyden.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 13.09.2022 15.49