Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

- Vi treng helsepersonell!

Øygarden kommune ønskjer å rekruttera personar med helsefagleg bakgrunn for å makta å gjennomføra dei krevjande oppgåvene i helse- og omsorg.

Klikk for stort bilete 

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at situasjonen er kritisk for helse- og omsorg.

- Dersom det er personar med helsefagleg bakgrunn som har høve til å arbeida på sjukeheimar og andre delar av helse og omsorg i kommunen vår, er vi interessert i at dei tek kontakt med oss. Det kan gjerne også vera pensjonistar som har helsefagleg bakgrunn. Også studentar er vi interessert i å koma i kontakt med, seier Indrevik.

Aktuelle stader det er aktuelt å nytta ekstraressursar er sjukeheimar, heimetenesta, bufellesskap og i omsorgsbustader.

Slik melder du deg

Har du helsefagleg bakgrunn ønskjer vi at du tek kontakt ved å bruke elektronisk skjema under. Du kan og ringja 56 16 00 10 for å melda deg.

Meld deg elektronisk her