Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

- Vi ønskjer å spela ei rolle

- Vi ønskjer å vera ein del av samfunnsdelen til kommuneplanen. Det var bodskapen frå Anne Kristine Telle då ho snakka om det lokale engasjementet på Glesvær på det opne høyringsmøtet om samfunnsdelen til kommuneplanen tysdag kveld.

Den siste delen av samlinga var sett av til gruppearbeid. - Klikk for stort bileteDen siste delen av samlinga var sett av til gruppearbeid. 

Samfunnsdelen til kommuneplanen er det viktigaste verktøyet kommunen har til å styra kommunen fram mot 2034 og handlar om korleis samfunnet og tenestene skal utviklast i eit langsiktig perspektiv. Fristen for å koma med innspel til høyringsutkastet er 19. desember. Etter planen skal kommunestyret vedta samfunnsdelen til kommuneplanen i mars.

Dei frammøtte i Straume Forum fekk høyra tre innlegg om utvikling av lokalsamfunna, frivilligheit og samskaping nord og sør i kommunen i tillegg til arbeid retta mot ungdom i straumeområdet.

Anne Kristine Telle og Birgitte Kallestad snakka om det omfattande lokalengasjementet på Glesvær.

- Vi ønskjer ikkje å vera forlatne, og vi vil vera med og styrkja utkanten i staden for å byggja han ned. Vi ser fram til det vidare samarbeidet i kommunen, sa Anne Kristine Telle. 

Birgitte Kallestad sa at det er mange eldsjeler og stor dugnadsånd i Glesvær, men at det er behov for tilførsel av folk som kan starta nye ting og sikra ein god base av frivillige på tvers av generasjonane.

Synnøve Torvund orienterte om det lokale engasjementet på Hellesøy, særleg knytt til Hengjos venner.

- Dugnad og frivillig arbeid er ferskvare. Vi opplever synlege resultat av det vi har skapt saman. Vi treng ein kommuneadministrasjon som er god på service, sa Torvund.

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik 

Tydeleg oppdrag og tydeleg løysing

Dagleg leiar, Jon Andreas Tjentland, fortalde om kva Basecamp betyr for ungdom som treng eit førebyggjande tilbod.

- Vi har eit tydeleg samfunnsoppdrag med ei tydeleg løysing. Ein annan suksessfaktor for Basecamp er samarbeidet mellom det ideelle, kommunale og private, sa Tjentland. Basecamp er eit samarbeid mellom kyrkja, Sartor Storsenter og Øygarden kommune.

Ordførar Tom Georg Indrevik fann fram berekraftsballen då han heldt innlegget sitt. Alle dei 17 berekraftsmåla heng saman med kvarandre.

- På toppen er berekraftsmål nummer 17 om at vi må samarbeida for å nå alle berekraftsmåla. Med samfunnsplanen håpar eg at vi kan gå i same retning, sa ordføraren.

Leiar i utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv, orienterte om arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen og hovudmåla for planen. Øygarden skal vera ein god stad å bu og innbyggjarane i kommunen skal ha god livskvalitet. Andre hovudmål er at Øygarden skal ha eit kompetent, innovativt og produktivt samfunn og vera klima- og miljøvennleg.

- Det er også eit hovudmål at Øygarden kommune skal vera handlekraftig og eit innovativt samfunn, sa Kallekleiv.

Samarbeid som grep

Konstituert kommunedirektør Rune Landro snakka om samarbeid som eit viktig grep i planen. Også han viste til berekraftsmål nummer 17 om samarbeid for å nå måla.

- Det handlar om å berga kloden. Samarbeid er essensielt for å nå måla. Vi må interessera oss for meir ein enn det vi sjølv er interessert i og høyra på kva andre seier, også dei vi er usamde med. Samarbeid er nødvendig for å møta store og komplekse utfordringar vi står overfor fram mot 2034, sa kommunedirektøren. 

Det var også ein kort paneldebatt der deltakarane mellom anna vart utfordra på kva dei trur Øygarden kommune er i 2034.

- Vi er ein suksesshistorie der vi ha nådd mange av måla i planen, sa Hanne Misje Lokøy, som til dagleg er rådgjevar i Øygarden næringsutvikling KF. 

Stabseleiar for service, Kenneth Sangolt, var tydeleg på at kommunen er organisert på ein heilt annan måte enn i dag. Også kulturleiar Christel Møvik-Olsen, Synnøve Tovsrud i Hengjos venner, Ellen Pedersen og Jon Andreas Tjentland (Basecamp) deltok i panelsamtalen.

Høyringsmøtet vart avslutta med gruppearbeid.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete