- Vi må snakka om det

- Det handlar først og fremst om å snakka om emosjonell belastning og korleis vi skal møta medarbeidarane. Vi må skapa ein kultur for dette. Det sa rådgjevar på Nav arbeidslivssenter Vestland, Anne Kjersti Olsvik Aasheim på IA-dagane i Øygarden denne veka (IA-inkluderande arbeidsliv).

Frå venstre; Anne Kjersti Olsvik Aasheim, Stine Marie Nesse og Benedicte Sletten Larsen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Anne Kjersti Olsvik Aasheim, Stine Marie Nesse og Benedicte Sletten Larsen.

Temaet på samlinga onsdag ettermiddag, med 130 deltakarar, var korleis ein skal møta emosjonelle krav i arbeidslivet. Då var det leiarar, verneombod og tillitsvalde frå Oppvekst som var samla. Dagen før (tysdag) fekk 80 medarbeidarar knytt til Helse og velferd innføring i same tema. Onsdag føremiddag var 50 deltakarar frå andre delar av organisasjonen på plass for å lytta til temaet «Klare roller i ei tid i endring».

Olsvik Asheim sa at det er mange gode system for alvorlege forhold på arbeidsplassane når det gjeld vald og truslar. 
- Det er mindre fokus på dei daglege kjenslemessige slitasjane som fører til ei akkumulert belastning. Vi tar jobben med oss heim, og det set merke i oss til slutt. Vi må skapa ein kultur der vi snakkar om dette. Døme på emosjonelle krav kan vera at vi må regulera kva kjensler vi kan visa og handtera andre sine kjensler og emosjonelle utrykk, sa ho.

Frå salen vart det peika på at å sjå eit barn som har det vanskeleg eller omskifte i kjensler kan vera døme på dette.

Gruppesamtale - Klikk for stort bileteFrå samtale i grupper

Helsekonsekvensar

Vedvarande emosjonell dissonans kan ha negative helsekonsekvensar og føra til sjukefråvær. Dette kan slå ut i psykiske helseplager, omsorgstrøttleik, søvnvanskar, stress og muskel og skjelettplager. 

- Dette resulterer i lange belastningsskader, ei slags «stille drukning». Folk berre forsvinn fordi det ikkje vert snakka om, sa Olsvik Aasheim.

Potensielt helseskadelege forhold i HMS-arbeidet er fysiske, kjemiske, biologiske, ergonomiske, organisatoriske og psykososiale. Olsvik Aasheim meiner at ein bør leggja til eit sjuande forhold; emosjonelle faktorar. 

I HMS-arbeidet er planarbeid, årshjul, medarbeidarsamtale, vernerunde og opplæring viktig. Det må leggjast til rette for å styrkja den enkelte sin føresetnad for å stå i emosjonelle krav. Det må etablerast rutinar for handtering av store traumatiske enkeltepisodar/opplevingar, jamne kvardagssituasjonar og god avviksregistrering.

Frå salen - Klikk for stort bileteFrå samlinga onsdag ettermiddag.

Kaldt hovud og varmt hjarta

Styrar på Knappskog barnehage, Nina Turøy, snakka om emosjonelle krav. Ho sa at for å få ein god kvardag, må vi kommunisera godt, redusera stress, støtta og rettleia kvarandre og velja jobben.

- Vi kan lett føla oss utilstrekkelege. Vi har eit høgt arbeidspress, men vi skal likevel halda hovudet kaldt og hjarta varmt. Vi arbeider for ein trygg og god barnehagekvardag. Det er felles at alle treng å bli sett, høyrt og anerkjent. Då treng vi gode rammevilkår, helst høg grunnbemanning, sa ho.

Ifølgje Turøy gjer det noko med oss når vi kjenner at vi er ein del av eit team. Ho stilte spørsmål om korleis eg kan bli den gode vaksne. Kven blir du når det stormar?

- Kven blir du når det stormar rundt deg. Vi må auka kunnskap og kompetanse. Vi kan ikkje endra barna, men vi kan endra måten vi møter barna på, sa Nina Turøy.

Nina Turøy - Klikk for stort bileteNina Turøy

Arbeidsgruppa for IA-dagane i Øygarden er samansett av Stine Marie Nesse (leiar, helsefagarbeidar), Maren Brown (Nav arbeidslivssenter Vestland), Bente Sandaunet Nav arbeidslivssenter, Janita Sjøvold (Ulveset barnehage) og Benedicte Sletten Larsen (prosjektleiar nærværsprosjektet «Jobben gjer frisk»).

IA-forhandlingane mellom LO og NHO er i avslutningsfasen og førebels ikkje landa. Partane skal på nytt møtast i neste veke med mål om å få på plass ein ny IA-avtale. IA-avtalen har som mål å få ned sjukefråværet og redusera fråfall frå arbeidslivet. Dagens avtale vart underteikna i 2019 og går ut ved nyttår.

Gruppesamtale - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke