- Vi har gledd oss veldig

Det var ein stolt rektor Linda Færestrand på Tjeldstø skule som torsdag ønskte 12 førsteklassingar og 83 andre elevar velkomen til den første dagen dette skuleåret.
- Det er ekstra kjekt at ordførar Tom Georg Indrevik er med oss og deler ut rose til alle førsteklassingane, sa rektoren.

Ordførar Tom Georg Indrevik delte ut roser til førsteklassingane på den første skuledagen. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik delte ut roser til førsteklassingane på den første skuledagen. 

Dei 95 elevane på skulen kom inn i salen klassevis på rekkje og rad. Ein av elevane som tek til i første klasse, er frå Ukraina.

Spenninga er naturleg nok størst blant førsteklassingane. I velkomsthelsinga la rektoren vekt på at elevane skal ha det trygt på skulen.

- De er mine her kvar dag på skulen. Saman er vi ein stor familie. Vi skal læra å lesa og skriva og mykje anna som de skal ta med dykk vidare i livet. Vi har gledd oss veldig til denne dagen, sa rektor Linda Færestrand.

18 tilsette på skulen skal syta for at elevane får det godt på skulen.

Ordførar Tom Georg Indrevik minnest skuleoppveksten med Ingeborg Lie som lærar i sju år på Kolltveit.

- Eg trur ikkje vi anar kor viktig lærarane er for oppveksten. Det er fantastisk spennande å vera med på den første skuledagen, sa ordføraren før han delte ut roser til alle førsteklassingane.

Rundt 500 førsteklassingar i Øygarden er på veg til skulen desse dagane. Vis omsyn til elevane i trafikken!

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete