Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

- Vi er like forskjellige når vi vert eldre

Tidlegare ordførar i Bergen, Trude Drevland, la ingenting imellom då ho innleia på det digitale innspelsmøtet i regi av eldrerådet og rådet for personar med funksjonsnedsetjing på laurdag.
- Hugs at vil skal leva ein tredel av livet vår etter at vi er 65 år, sa Drevland.

Trude Drevland - Klikk for stort bileteTrude Drevland 

På fredag var det innspelsmøte i regi av ungdommens kommunestyre, og på laurdag var det nytt møte knytt til samfunnsdelen til kommuneplanen. Denne våren vert det gjennomført ei rekkje medverknadsmøte knytt til planen.

Trude Drevland er leiar for rådet for eit aldersvennleg Noreg. Dette er ein del av kvalitetsreforma til regjeringa for eldre, Leve heile livet.

- Vi er ikkje så innmari god til å planleggja for livet etter 65 år. Vi er like forskjellige som vi var før vi var 65 år. Vi vert fleire eldre, men då vert vi også sterkare. Eg håpar at begge dei råda som arrangerer dette møtet verkeleg opplever medverknad, sa Drevland.

Når det gjeld bustadpolitikk for til dømes eldre, meinte ho at desse bør vera samla, nødvendigvis ikkje berre i blokk. I dette arbeidet er universell utforming, transport og frivillig arbeid svært viktig.

- Korleis kan dei eldre og andre få oversikt over kva som finst, og korleis kan dei delta i frivillig arbeid, spurde ho. Ho hadde ikkje gått inn på heimesida til Øygarden kommune, men ho var generelt lite imponert over nettsidene til kommunane med tanke på å finna fram.

Ønskjer at flest mogleg involverer seg

Ordførar Tom Georg, som hadde gledd seg i lang tid til å introdusera Trude Drevland, sa at eldrerådet og rådet for personar med funksjonsnedsetjing har utruleg viktige roller.

- Vi ønskjer at flest mogleg skal delta, og vi er opne for alle typar innspel, sa ordføraren og minna om at planen skal byggja på berekraftsmåla til FN.

I etterkant av innleiinga til Trude Drevland, gjennomførte dei om lag 30 deltakarane gruppearbeid der det mellom anna vart stilt spørsmål om korleis vi saman kan skapa eit samfunn som er inkluderande for alle, uavhengig av alder og helse. Kva treng du for å ha god livskvalitet i din kvardag, og kva skal til for at du vert meir engasjert i utvikla av Øygarden?

I samtalane i gruppene vart det understreka at vi må planleggja for å bu i eigen heim. Fleire var opptekne av at det må leggjast til rette for betre og meir omfattande kollektivtilbod enn det som er tilfellet i dag. Fleire peikte på at det må leggjast til rette for at folk kan bu så lenge som mogleg heime og at det også er mogleg i dei ulike bygdene, ikkje berre i sentrale område.

Heimetenestene må byggjast ut, og det bør etablerast helsestasjon for eldre. Det må gjevast tilbod om opplæring, blant anna til å nytta digitale verktøy. Andre ønske er godt tilrettelagde universelt utforma turstiar.

Endre Nordvik avslutta innspelsmøtet med tre songar. - Klikk for stort bileteEndre Nordvik avslutta innspelsmøtet med tre songar. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 




Berit Anita Larsen i eldrerådet avslutta med å minna om at det er høyring til planutkastet i oktober.

- Då vil de sjå om innspela dykkar er komne med. Då kan de fremja innspela på nytt eller koma med nye innspel, sa Larsen.

Samlinga vart avslutta med tre songar framført av Endre Nordvik.

Les meir om samfunnsdelen til kommuneplanen her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke