Vesentleg redusert smitte i Øygarden

Ut frå statistikken dei siste to-tre vekene er smittevernlege Jens Eikås trygg på at koronasmitten er redusert i Øygarden kommune. Så langt er 1 264 personar testa i kommunen. Det er ikkje registrert nye smitta i dag (6. mai).

Smittevernlege Jens Eikås gler seg over redusert smitte i befolkninga - Klikk for stort bileteSmittevernlege Jens Eikås gler seg over redusert smitte i befolkninga. 

54 personar har fått påvist smitte så langt. I løpet av dei 16 siste dagane, er eín person registrert smitta.

Eikås meiner at dette er ei frukt av systematisk helsearbeid og ei befolkning som har vore lojal overfor smitteverntiltaka.

- Eg registrerer at folk er disiplinerte når det gjeld å halda avstand og ha god hygiene, men det skal ikkje mykje til før smitten aukar igjen. Difor er det umåteleg viktig at vi er nøye med å følgje smittevernreglane, seier smittevernlegen.

Eikås slår eit slag for at folk brukar munnbind.

- Eg meiner også folk gjerne må bruka munnbind på stader der det er tett med folk, som til dømes på bussen eller på butikken. Tre lags heimesydde munnbind (av bomull) er i denne samanhengen eit godt smitteverntiltak, seier Jens Eikås.

Her kan du lesa om korleis du kan sy ditt eige munnbind.


Tekst og foto: Vigleik Brekke