Aktuell informasjon

Vertsfamilie søkes til gut 16 år

Barneverntenesta i Øygarden kommune søkjer vertsfamilie for ein roleg og grei gut på 16 år som går på videregåande skule. 

 

Å vera vertsfamilie vil seia at du/de har ein godkjent utleigeeinheit i tilknyting til eigen bustad der guten skal bu. Vi søker etter deg som har høve til å følgja opp guten i kvardagen og vera der for han når han treng gode og trygga vaksne. Oppdraget blir løna etter omfang og behov. Barneverntenesta vil tilby rettleiing og oppfølging.

Vi ønskjer å finna ei leilegheit i områdane Straume/Litle Sotra (Øygarden kommune).

Det er ønskeleg at det skal vera gode bussforbindelsar i nærområdet.

Ta kontakt med barneverntenesta i Øygarden kommune på tlf: 56 16 07 00 ved spørsmål/interesse.