Veronica har produsert 1 500 visir

Veronica Krogenes på Vågaleitet omsorgsbustader er storprodusent av visir. I dag tok ho imot oss i døra til husværet sitt, men kravde at hendene skulle reinsast før vi fekk koma inn.

Veronica Krogenes må reknast som storprodusert av visir. - Klikk for stort bileteVeronica Krogenes må reknast som storprodusert av visir. 

I stova står det ei stor eske med ferdigproduserte visir. Dette er viktig og ettertrakta smittevernustyr. Veronica (31) nyttar modellen til Micaela Thierly og Erhard Lohse. Med halvfabrikata set Veronica saman visira og fyller den store eska som står midt i rommet.

Om lag 1 500 visir har ho laga så langt. Ho forklarar korleis ho lagar visira.

- Det er veldig kjekt å få vera med på dette. Først reinsar eg bordet. Så festar eg pannelista på plastglaset. Eg bind saman tre strikkar før eg festar dei til visiret til slutt, seier Veronica. Og på torsdag får ho arbeidsoppmuntringspengar. Det ser ho fram til.

Snekkar Arnesen

Spesialhelsefagarbeidar Vidar Arnesen har laga til ein mal (kasse) der pannelista (skumgummi med lim) vert lagt ned i ei grop. Plastglaset vert så plassert over og pressa ned mot pannelista, og dermed vert pannelista limt på nøyaktig der ho skal vera på plastglaset.

Smittevernlege Jens Eikås observerer med interesse korleis dette vert gjort. Han let seg imponera.

- Dette er storveges. Med denne produksjonen dekkjer vi behovet vårt. Ikkje minst i starten var visir mangelvare. Det er imponerande å sjå korleis ho produserer visira, seier Eikås.

Vidar Arnesen brenn for dette. I starten vart det produsert visir på Straume arbeids- og aktivitetssenter.

- Det vart litt mykje støv frå anna produksjon på senteret. Vi konkluderte med at det var greiast for Veronica å laga til visira i stova si her på Vågaleitet, seier Arnesen.

Ferdigproduserte visir. - Klikk for stort bileteFerdigproduserte visir. 
På grunn av koronaviruset er det redusert opningstid på arbeids- og aktivitetssenteret på Søre Straume. Til vanleg strikkar Verona sitjeunderlag, lagar tennbrikker og sagar ved på senteret.

I husværet er det bilete av mange fotballag.

- Eg held med Liverpool, Tottenham og Brann, seier Veronica.

Ho likar seg godt på Vågaleitet omsorgsbustader. Vidar forklarar at dei har strenge smittevernreglar. Under koronaperioden er det ikkje fellesmåltid.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå venstre Veronica Krogenes, Jens Eikås og Vidar Arnesen. - Klikk for stort bilete
Slik ser malen (kassen) snekker Arnesen har laga til. - Klikk for stort bilete