Verdig markering på Landro skule
Skuledagen på Landro skule onsdag starta med minnestund i gymnastikksalen.
- Det var ei sterk, men verdig stund, seier rektor Anita Vabø om minnestunda etter at ein 12 år gamal elev omkom i ei trafikkulukke tysdag ettermiddag.
Det vart flagga på halv stong på Landro skule onsdag.
Både prest, diakon, helsesjukepleiarar og assisterande kommunalsjef var til stades på minnestunda.
- Desse ressurspersonane har vore til stor støtte for skuleleiinga og elevane gjennom dagen. Det er trist, men godt å vera saman på denne måten. På skulen blir fokuset i tida framover å ta godt vare på elevane og personalet vårt. Tankane våre går til næraste familie i denne tunge tida, seier rektoren.
Det er flagga på halv stong på skulen og ved rådhuset på Straume i dag.
Foto: Anita Vabø
Publisert 15.06.2022 14.23