Verdig 22. juli-minnemarkering - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Verdig 22. juli-minnemarkering

Rundt 60 personar var samla ved minnestøtta ved Stranda skule i dag for å markera at det er 10 år sidan terrorangrepet mot regjeringskvartalet og sommarleiren til AUF på Utøya. Alle talarane på markeringa understreka at dette var eit angrep på verdiane til Arbeidarpartiet og AUF.

Det vart lagt ned fleire kransar ved minnestøtta. Biletet viser leiar i Vestland AUF, som legg ned krans. - Klikk for stort bileteDet vart lagt ned fleire kransar ved minnestøtta. Biletet viser leiar i Vestland AUF, som legg ned krans. 

Markeringa starta ved at Vivian Steinsland og Francisca Trellevik framførte «Til ungdommen» (Nordahl Grieg).

Leiar i Vestland AUF, Endre Toft, sa at ungdomane på Utøya hadde arbeidde for ei betre verd.

- Dei vart skotne og drepne fordi dei trudde på fridom, likskap og solidaritet. Dette var eit målretta angrep på Arbeidarpartiet og sosialdemokratiet. Vi må aldri gløyma dei vi mista og det som skjedde. Og vi må aldri gje opp kampen for ei betre og meir rettferdig verd. Det engasjementet som vart skote for ti år sidan, skal leva vidare i vårt arbeid. Vår oppgåve er å aldri tia, og aldri gløyma., sa Toft.

Ingvild Skaar er leiar i Øygarden Arbeidarparti. Ho sa at ved minnesmerket ved Stranda skule minnes vi særskilt Monica Iselin Didriksen som berre vart 18 år. AUF etterlyser eit oppgjer med hatet som gav grobotn for terrorangrepet.

- Dette stiller Arbeidarpartiet seg fullt bak. Også tillitsvalde i andre parti tek til orde for å støtta AUF i kravet om å setja søkjelyset på ideane som låg bak terrorangrepet, sa Skaar.

Ho viste til at desse ekstreme ideologiane er like farlege for samfunnet som ein ulmebrann er for ein bygning. Ingen veit når det vil blussa opp og setja huset i brann. Dette var eit målretta, politisk, ideologisk fundert angrep. Det er ikkje mogleg å koma bort frå dette faktumet.

- Vi kan heller ikkje lata som om det var ein tilfeldig ungdomsleir som ble vald ut. La det ikkje vera noko tvil om at dette var et målretta angrep på AUF og Arbeiderpartiet, våre verdiar og politiske idear, sa Ingvild Skaar.

Deltakarane på minnemarkeringa blåst såpebobler medan Vivian Steinsland song "Du er det finaste eg veit". - Klikk for stort bileteDeltakarane på minnemarkeringa blåste såpebobler medan Vivian Steinsland song "Du er det finaste eg veit".   

Ordførar Tom Georg Indrevik starta med å visa til Ruben Håvik, som delte sin historie og kor viktig det er at han framleis er kommunestyremedlem i Øygarden. Ruben Håvik leia minnemarkeringa i dag.

- Den dagen vi sluttar å engasjera oss politisk, har vi tapt. Tusen takk, Ruben! Angrepet for 10 år sidan var eit angrep på Arbeidarpartiet og AUF. Eg håpar at vi kan stå saman mot dei kreftene angrepet representerte. Eg takkar Arbeidarpartiet, AUF og støttegruppa for samarbeidet om dette arrangementet, sa Indrevik.

Avslutningsvis song Vivian Steinsland ein nynorskversjon av Björn Afzelius´ «Du är det finaste jag vet». Talarane og representantar frå ulike organisasjonar la ned kransar ved minnestøtta. Etter markeringa var det samling med bevertning i Strandahallen.

Dagen vart mellom anna markert ved at kyrkjeklokkene ringde i fem minutt frå klokka 12. Mellom klokka 12 og 17 er det open kyrkje i Fjell kyrkje. Det er minnegudsteneste klokka 17.00 i same kyrkje.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa: