Norkart er utsett for datainnbrot. Dette kan også få konsekvensar for innbyggjarar i Øygarden ettersom kommunen nyttar tenester frå Norkart.

Norkart er leverandør av IT-systemer for kart- og eigedomsinformasjon. Innbrotet i søketenesta vart avdekt 5. mai og straks stengt. Datainnbrotet er meldt til politiet og etterforskning pågår.
Norkart opplyser at ukjente aktørar utnytta ei sårbarheit i ei søketeneste som hentar kopidata frå det offisielle eigedomsregisteret i Noreg. Frå søketenesta vart informasjon lasta ned av uvedkomande.
Sjølv om hendinga vart raskt avdekt, kan uvedkomande har tilgang til informasjon om deg som innbyggjar. Informasjon som namn, adresse og fødselsnummer for tidlegare- og eksisterande eigarar og festarar og eigarar av burettslag er berørte. Personar med fortrulege adresser og/eller skjerma bygg er ikkje omfatta av hendinga.
Norkart å oppmodar folk om å vera særleg merksame på dette med tanke på forsøk på svindel og ID-tjuveri.
Her er råd frå Datatilsynet for å unngå misbruk av personopplysningar.
Publisert 11.05.2022 15.35