Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Ver med og form framtida i Øygarden!

- No har du ein unik sjanse til å vera med og forma framtida i Øygarden. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik etter at kommunestyret har vedteke å leggja ut utkast til samfunnsdelen til kommuneplanen for Øygarden kommune 2022-2034 ut på høyring. No står fleire høyringsarrangement for døra.

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik  

Samfunnsdelen er det viktigaste styringsverktøyet kommunen har, og handlar om korleis vi ønsker å ha det i 2034, og kva vi må gjera for å få det til. No ligg samfunnsdelen ute på høyring til 19. desember. Planen vil venteleg verta vedteken av kommunestyret i mars 2022.

I eit samspel mellom administrasjon, politikarar, innbyggjarar, næringsliv, organisasjonar og andre aktørar er det gjennomført eit omfattande arbeid med planen.

- I løpet av denne perioden har det kome inn over 500 innspel. Det viser at det har vore eit stort engasjement blant ulike aktørar. Administrasjonen har på ein framifrå måte lagt til rette for at både enkeltpersonar, organisasjonar, næringsliv og andre har fått sett sitt preg på det utkastet som no ligg ute på høyring, seier ordføraren.

Siste ord er ikkje sagt!

Men siste ord er ikkje sagt. Fram til 19. desember vert alle interesserte inviterte til å gje høyringssvar på utkastet.

- Eg vil oppmoda flest mogleg til å nytta seg av dette tilbodet. No har du og eg sjansen til å seia noko om korleis vi ønskjer å ha det fram mot 2034. Fram mot 19. desember vert det også gjennomført fleire medverknadsmøte der ein kan delta fysisk eller digitalt, seier Tom Georg Indrevik.

Arrangement i veke 48

  • Politikarpraten – kom og sei di meining om samfunnsdelen
    Torsdag 2. desember kl. 18.00-20.30, innbyggjartorg/bibliotek på Sartor Storsenter, Rong Senter og Sund Senter
  • Innspelsmøte i regi av Råd for personar med funksjonsnedsetjing
    Fredag 3. desember kl. 14.00-17.30, FRYD på Sartor Storsenter

Sjå kalenderen for høyringsarrangementa her

Her kan du sjå video om høyringsarrangementet på FRYD på Sartor Storsenter den 3. desember i regi av råd for personar med funksjonsnedsetjing:

I høyringsperioden ønskjer kommunen tilbakemelding på om målsetjingane i høyringsutkastet famnar om dei viktigaste utfordringane i kommunen vår, og korleis vi saman skal arbeida for å nå måla våre.

Samfunnsdelen til kommuneplanen handlar om overordna tema om korleis vi skal utvikla tenestene og legga til rette for god samfunnsutvikling. Innspel som omhandlar konkret bruk av areal eller arealføremål vert ikkje vurderte i arbeidet med samfunnsdelen. Slike innspel vert det opna opp for først når kommunen startar arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. ​

Her kan du lesa meir om samfunnsdelen til kommuneplanen og senda inn merknader elektronisk.


Tekst og foto: Vigleik Brekke