- Vér med og delta i arbeidet med kommuneplanen!

Øygarden kommune har no starta opp arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. I perioden 22. mai til 13. juni vert det arrangert innspelsmøte sju stader i kommunen.
- Dette er eit viktig arbeid og grunnlag for utviklinga av kommunen vår, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
 

Ordførar Tom Georg Indrevik og Svein Otto Jacobsen inviterer til fleire folkemøte om arealdelen til kommuneplanen. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik og Svein Otto Jacobsen inviterer til fleire folkemøte om arealdelen til kommuneplanen.

Ordføraren og leiar i kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen, ønskjer at mange finn vegen til dei første innspelsmøta. Det heile startar på Tjeldstø skule onsdag 22. mai kl. 18.30. Dei andre stadene det vert invitert til innspelsmøte er Toftøyna, Ulveset/Møvika, Knarrvika, Fjell, Stranda og Spildepollen (sjå oversikt nedanfor).  Du finn også oversikt over alle innspelsmøta i kalenderen på nettsida

Oversikt over innspelsmøte
Lokalsenter Dato Tid Stad
Tjeldstø 22. mai 18.30 - 20.30 Tjeldstø skule, foajé
Toftøyna 28. mai 18.30 - 20.30 Toftøy skule, foajé
Ulveset/Møvika 30. mai 18.30 - 20.30 Ulveset skule, klasserom 205
Knarrvika 5. juni 18.30 - 20.30 Liljevatnet barnehage, pauserom
Fjell 6. juni 18.30 - 20.30 Fjell gamle skule, gymsalen
Stranda 12. juni 18.30 - 20.30 Stranda skule, foajé
Spildepollen 13. juni 18.30 - 20.30 Spildepollen skule, foajé

Svein Otto Jacobsen leiar kommuneplanutvalet og vil ha ei sentral rolle i dette arbeidet.

- Ved i å delta i arbeidet med arealplanen alt frå starten av, vil du vera med og leggja føringar for det endelege resultatet. På lengre sikt vil du kanskje oppleva at arealdelen til kommuneplanen får betydning for eigedomen din. Difor er det så umåteleg viktig at folk møter opp på desse samlingane. Alle skal bli høyrt, men ikkje alle kan få viljen sin, seier han.

Ordførar Tom Georg Indrevik understrekar at i starten er det eit arbeid på overordna plan. 

- Det er viktig at vi får ein god prosess der flest mogleg deltek frå starten av, men det kjem fleire medverknadsrundar seinare, seier ordføraren.

Etter planen skal strategisk planprogram sluttbehandlast januar/februar 2026, medan den endelege arealdelen til kommuneplanen skal behandlast av kommunestyret våren 2027.

Les om arealdelen til kommuneplanen 2027-2039 her.