Helga 10.-12. mars skjer det mykje for ungdom i Øygarden og på Askøy.
Laurdag 11.03. blir det rockefest i Ungflimmer ungdomskulturhus på Askøy, så speler du i band er det berre å melde seg på med det same!
Sundag 12.03. blir det stort fellesarrangement i Øygarden, her kan du vise fram kva du driv med innan musikk (utanom rock), dans, kunst, litteratur, teater, dataspel og film. Eller kanskje du heller vil vere lydteknikar på arrangementet? Eller konferansier? Eller i mediagruppa? Du kan vere med som arrangør både i forkant av og under arrangementet.
Det blir også fleire kurs og arrangement i forkant av helga i mars, til dømes danseworkshop, teikneseriekurs og byggekonkurranse i Minecraft!
Påmelding
Påmeldingsfrist er 15. februar
Kontakt oss
Har du spørsmål så ta gjerne kontakt med oss arrangørar😊
Nyttige lenkjer
Følg oss gjerne på Facebook
Du finn også meir informasjon på nettsida til UKM
Publisert 19.01.2023 08.18