Vedtok retningslinjer for sosiale medium

Administrasjonsutvalet vedtok måndag «Retningslinjer og hugsereglar for bruk av sosiale medium i Øygarden kommune.»

Frå møtet i administrasjonsutvalet vart leia av Torill Selsvold Nyborg. På biletet er også kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bileteMøtet i administrasjonsutvalet vart leia av Torill Selsvold Nyborg. På biletet er også kommunedirektør Johnny Breivik.  

Etter forslag frå Silvia Haugland (H) vart det teke inn ei tilleggsformulering om at der det er mogleg, bør ein vurdera å stengja kommentarfeltet på kommunale sider. Denne formuleringa vert lagt til kulepunktet som handlar om at støytande, sjikanerande, rassisiste eller som trør over grensa for personvern, vert sletta.

I saksutgreiinga vert det vist til at sosiale medium har vore brukt av dei tidlegare samanslåtte kommunane i fleire år og seinare nye Øygarden. Erfaringane har vist at dette har vore ein effektiv måte å nå ut med informasjon til innbyggjarane. Det har også gjort det enklare å nå ut med informasjon til definerte målgrupper. Hovudkanalen for informasjon er nettsida til kommunen. Mange brukarar vert slusa inn til nettsida via sosiale medium.

I retningslinjene og hugsereglane som no er vedtekne, går det fram at nye kontoar (sosiale medium og nettsider) skal godkjennast av ei redaksjonsgruppe oppretta av kommunedirektøren. Redaksjonsgruppa hjelper til med å oppretta kontoar og gje rettleiing i bruk av sosiale medium. Det er aktuelt å utarbeida utfyllande retningslinjer. Dette kan til dømes gjelda for barnehagar, skular og andre utvalde einingar.

Eit forslag om at biblioteksjefen må sitja i redaksjonsgruppa vart vedteke oversendt til kommunedirektøren. 

Budsjett

Saka om innspel til budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026 vart teke til orientering. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke