Vedtak i Fellesnemnda i dag

Ingrid Elisabeth Toft, Espen Harkestad, Silvia Haugland og Børge Haugetun frå Øygarden kommue.jpg - Klikk for stort bileteIngrid Elisabeth Toft, Espen Harkestad, Silvia Haugland og Børge Haugetun frå Øygarden kommue.jpg Fellesnemnda slutta seg til prinsipp for lokalisering og KLP vert pensjonsleverandør.

Fellesnemnda slutta seg samrøystes til prinsippa for lokalisering av administrasjon og tenester. I vedtaket vert det mellom anna slått fast at det skal etablerast innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume. 

Som hovudprinsipp skal tenester som er organiserte, drifta og tilbydd brukarane i soner i den nye kommunen, nytta kommunedelsentera i Skogsskiftet (sone sør) og Rong (sone nord) som base/administrasjonssenter. Det er lagt til grunn at Straume vert eigen sone.

Fellesnemnda vedtok også at Kommunal Landspensjonskasse (KLP) vert leverandør av pensjonstenester 

Les heile saka her

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 09.10.2019
Fann du det du leita etter?