Vedtak for Hellesøy hamn

Hamneomådet Hellesøy - Klikk for stort bilete No startar opprustinga av Hellesøy hamn etter eit samrøystes vedtak i Kommunestyret onsdag 15. mars. 

Hellesøy hamnområde - Klikk for stort bileteHellesøy hamnområde Vedtaket inneber at det vert bygd nytt busskur og offentleg toalett på kaien og bussen får eit større areal å snu og parkera på. I tillegg kjem det ny innkjørsel til Hellesøy bedehus med parkeringsplass ovanfor bedehuset og tilrettelegging for bygging av ballbinge i nærleiken av parkeringsplassen. Det vert lagt vatn og avlaup i vegen til og med Hellesøy landhandel for utvikling av bustadfelt. Vatn og kloakk skal løysast for alle naustetomtane på vestsida av vegen. Les heile saka- Sak 012/17.

God stemning, Representantar frå Ap, H, SV og KrF - Klikk for stort bileteGod stemning, Representantar frå Ap, H, SV og KrF

Øygarden kommune tek over Samfunnshuset, Sak 016/17

Når Hjeltefjorden arena står ferdig, vil mange av dei noverande aktivitetane som har gitt inntekt til samvirkeføretaket Øygarden Samfunnshus SA, falla bort. I dag eig kommunen tomta bygget står på, samt halve delen av kulturhuset. Den andre halvparten eig og driftar Øygarden Samfunnshus. Politikarane har vore positive til å overta resten av kulturhuset, og gjorde vedtak om verksemdsoverdraging. I løpet av året vil føretaket verta nedlagt og drifta overtatt av kommunen, med mål om verknad frå 01.01.2018.        

Frå v May-Britt Heggholmen og Kari Fjeldstad, (Ap), Bjarne Gjestrum Hellesund og Drude Herdlevær (H) - Klikk for stort bileteFrå v May-Britt Heggholmen og Kari Fjeldstad, (Ap), Bjarne Gjestrum Hellesund og Drude Herdlevær (H)

Høyringar

Regional transportplan Hordaland 2018 - 2029 ( Sak 013/17) og  Regional areal - og transportplan for Bergensområdet 2017 -2018 ( Sak 014/17)

Under handsaminga av desse sakene, såg kommunestyret at desse sakene høyrer saman. Dei stiller seg positive og sluttar seg til planane. Samtidig gjev politikarane uttrykk for at dei meiner at planane legg opp til for sterk sentralisering, og at premissar knytt til kollektivtransport er for sterkt styrande for utviklinga av andre viktige samfunnsfunksjonar. Planane må ikkje legga begrensningar for arealplanar og utviklinga i distrikta. Slik sett kan planane oppfattast som noko distriktsfiendtlege.

Nederst til v,SV,KrF,FrP, rekka til h,TVØ-representantar  - Klikk for stort bileteNederst til v,SV,KrF,FrP, rekka til h,TVØ-representantar

Eit viktig punkt i uttalen frå kommunestyret er at dei stiller seg spørjande til retningslinjene i begge planane som gjev uttrykk for at planane kan heimla motsegn mot kommunale planar og tiltak. Kommunestyret vil difor be fylkeskommunen om å gjera spesifikke vedtak til begge plandokumenta  som tydeleg presiserer at evt. motsegn berre vil verta vurdert nytta heilt unntaksvis. Grudig og tydeleg grunngjeving samt god dialog mellom partane, er kommunen si oppfordring til fylkeskommunen. Vedtaket seier mellom anna at:

Nøgde kommunestyrerepresentantar - Klikk for stort bileteNøgde kommunestyrerepresentantar "Ein må unngå at planen vert eit dokument som heimlar høvet til å detaljstyre kommunen."  ( Frå tilleggssetningen i nytt vedtak pkt 2, foreslått av Silvia Haugland (TVØ) i sak 014/17)

Kommunestyret vart gjennomført på rekordtid denne gongen: 1 time og 15 minutt. Det var det mange representantar som var glade for!

Les alle dokumenta her.

Publisert av Ingunn Teigen. Ansvarleg Tekst og foto Ingunn Teigen. Sist endra 16.03.2017
Fann du det du leita etter?