Varsel om oppstart - kommunedelplan trafikksikring

Med heimel i plan og bygningslova § 11-12, jfr. § 4-1, vert det med dette varsla om oppstart av rulleringsarbeid med «Kommunedelplan for trafikksikring 2012-2016» for Øygarden kommune med forlenga verketid til 2020, jamfør vedteken planstrategi av kommunestyret hausten 2016.

Formannskapet tilrådde framlegg til planprogram i hht plan- og bygningslova vert no sendt ut på høyring.
 

Dokument

Framlegg til planprogram (PDF, 664 kB)
Saksframlegg med vedtak (PDF, 51 kB)  

Innspel

Innspel til planprogrammet skal sendast på ein av desse måtane:
Pr elektronisk skjema "høyringsfråsegn
Pr. post til: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
E-post: postmottak@oygarden.kommune.no

Høyringsfrist: 20. april 2017.

Planprogrammet vert deretter slutthandsma av formannskapet/kommunestyret. Ei administativ arbeidsgruppe er sett ned av rådmannen. Formannskapet er politisk styringsgruppe for kommunedelplanar. Det endelege planprogrammet fastset retning, rammer og framdriftsplan for arbeidsgruppa.

Planarbeidet vert avslutta hausten 2017, og det endelege planframlegget handsama i Øygarden kommunestyre i november/desember 2017.

Spørsmål kan rettast til spesialrådgjevar Jarle Kåre Oen, tlf 56 38 20 00 / e-post: jko@oygarden.kommune.no

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 16.03.2017
Fann du det du leita etter?