Varsel om oppstart av planarbeid – endring av plan for Naturgassparken i Energiparken - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Varsel om oppstart av planarbeid – endring av plan for Naturgassparken i Energiparken

På vegne av CCB Energy Holding AS og med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8, varslast det oppstart av planarbeid for endring av plan for Naturgassparken, ikrafttrådt 12.12.2018, planID 125920150002. Etter vedtak skal endringa gjelde vidare som planID 20210002.

Varslingsdato: 09.07.2021
Kunngjeringsdato: 14.07.2021 
Merknadsfrist: 18.08.2021
Saksnummer: 21/4459 
Arealplan-ID: PlanID 20210002 
Opne i plankart  
Status: Varsel om oppstart av plan 
Gardsnamn: Dale

Kort om planen 

Plankonsulent for arbeidet er Norconsult AS. Formålet med endringa er å legge til rette for etablering av eit hydrogenproduksjonsanlegg. Det vil vere eit bidrag i omstillinga av energiklynga nord i Øygarden i retning av det grøne skiftet. Hydrogenproduksjonen vil vere «blå». Det vil sei at den vil omdanne naturgass og at biproduktet CO2 vert deponert under havbotn som gjennom Northern Lights-prosjektet. Lokaliseringa av produksjonsanlegget er tenkt i umiddelbar nærhet til lagringsanlegget for CO2.

Har du merknader til planforslaget?  

Innspel, kommentarar, opplysningar mm. som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet må sendast skriftleg til: Truls.Eskeland@Norconsult.com innan 18. august 2021. Alternativt kan det sendast brev til Norconsult AS v/ Truls Eskeland, Pb. 1199, 5811 Bergen.

Alle merknader og plankonsulenten sitt sammendrag med kommentarar, vil sendast over til kommunen og vil følgje saka som vedlegg. Det vil normalt ikkje gjevast skriftleg svar på merknadene. Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Truls Eskeland på telefon 975 14 059 eller epost Truls.Eskeland@Norconsult.com. Meir utfyllende informasjon om planarbeidet er tilgjengeleg på Aktuelt - Varsel om oppstart av planarbeid - endring av plan for Naturgassparken - Norconsult.

Dokument i saka

Tilgjengeleg hos Norconsult - Aktuelt - Varsel om oppstart av planarbeid - endring av plan for Naturgassparken - Norconsult

Områdekart - Klikk for stort bilete