Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Varmgang i vifte på Fjell ungdomsskule

Det var stor brannutrykning til Fjell ungdomsskule litt før klokka 15 i ettermiddag. Brannvesenet undersøkte bygget og oppdaga varmgang i ei vifte i praksisfløyen.

Fjell ungdomsskule - Klikk for stort bileteFjell undomsskule 
 

Rektor Bente Kleppe Lervik seier at elevane var gått heim då svilukta vart oppdaga.

- Vi kjende ei kraftig svilukt og ringde straks brannvesenet. Det viste seg at sviklukta kom frå varmgang i ei vifte i sløydsalen. Om lag 25 personar måtte evakuerast frå bygget. Vi fekk ei god øving på branninstruksen, seier rektoren som har hatt ein travel dag.

Tidlegare i dag har vi meldt at ein 10. klasse, ei mindre gruppe elevar og fem tilsette er sett i karantene etter påvist koronasmitte hjå eín av elevane.