Målgruppe
Kurset er for familiar som har barn i alder 8–12 år (+/-) med overvekt eller fedme, som ønskjer å gjera endringar i kosthald og fysisk aktivitet.
- Å bli meir medvitne på eigne val
- Å ta gode val i kvardagen – for heile familien
- Oppdage og utvikle tru på eigen endring
- Finne val som passer for familien
- Å lære å setje grenser
- Styrke forholdet mellom barn og foreldre
- Finne gode alternativ til kos og påskjønning
- Gjere endringar saman med andre
Innhald
Tema for samlingane er:
- Kom i gang - Korleis kome i gong med endring
- Klare mål - Korleis oppnå gode vanar
- Ta kontroll - Om å setje grenser og ta ansvar for gode val og vanar
- Behovet bak følelsen - Om regulering av følelsar
- Kva viss... - Gode grunnar til å ta gode val
- Å vera til stades - Korleis ete for god helse
- Full fart - Om kvardagsaktivitet og ein kropp i bevegelse
- Smart mat for god helse - Om kva kroppen treng for å vekse og fungere som den skal
- Tankens kraft - Korleis tankane påverkar handlingane våre, og korleis få fram dei gode tankane
- Hald ut! - Om vegen vidare – på eigenhand
- Uteøktar: Minst to av samlingane vil vere ute på tur eller ein annan aktivitet i lag
Vi jobbar med desse tema på ulike måtar, både gjennom samtale og refleksjon, praktiske øvingar, matlaging og fysisk aktivitet, rørsleglede og heimeoppgåver.
Første samling er for foreldre, resten av samlingane er for både foreldre og barn. Nokre dagar er vi samla, og nokre dagar vil foreldre og barn bli delt i grupper kvar for seg.
Omfang/kursdatoar
Kurset har 11 samlingar på to timar. Kurset strekker seg over en periode på seks måneder, og det vil vera mulighet for oppfølgingssamlingar i etterkant av kurset. Kurset blir heldt en gong i året, med oppstart på hausten.
Pris
Kurset kostar totalt kr. 500,- per familie som inkluderer kveldsmat og kursmateriell.
Påmelding
Ta kontakt med skulehelsetenesta (helsesjukepleiar/skulelege) for spørsmål og påmelding. Du kan òg kontakte Friskliv og meistring på e-post: Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller telefon 55 09 68 50.
Arrangør | Kurshaldarar
Friskliv og meistring | Linn Jeanette Waagbø, Signe Havnen og Ida Hjorteset.
Kurskalender
Kurs- og aktivitetskalender
Fotogalleri