Koronavaksinasjon

Det vil ikkje lenger bli sendt ut melding med invitasjon til å bestille time. Dei som ønskjer vaksine må ta kontakt med vaksinetelefonen.

Kvar kan ein ta koronavaksine?

Du kan ta koronavaksine hjå fastlegen eller på følgjande apotek:

  • Vitusapotek Sartor Storsenter
  • Boots apotek Sartor Storsenter – inngang ved Bunnpris
  • Apotek 1 Sund Senter
  • Ditt apotek Sund apotek

Pris

Koronavaksinasjon er gratis. 

Barn og unge

Vaksne frå 18 år

Vaksinetypar

Ved all  koronavaksinasjon i Øygarden kommune nyttast vaksina frå Comirnaty (BioNTech og Pfizer)

Behandling av korona med tablettar

Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får behandling med tablettar. Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk. Det er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftveissymptom, bør du teste deg for korona.