Utviklar metodikk for gruppeoppfølging for ungdom saman med ungdom

- Vi vil gjerne at ungdomen sjølv skal vera med og utvikla ein metodikk som bidreg til at dei kjem seg ut av NAV og inn i jobb. Det seier prosjektleiar for NAV Human i NAV Vestland, Astrid Gjeraker. Til dagleg er ho tilsett i NAV Øygarden.

Astrid Gjeraker og Sverre Konrad Nilsen - Klikk for stort bileteAstrid Gjeraker og Sverre Konrad Nilsen


Innovasjon Norge har løyvd 12,5 millionar kroner til å utvikla ein metodikk som skal bidra til at ungdom som opplever utanforskap vert inkludert i samfunns- og arbeidslivet.

NAV Øygarden har teke initiativ til prosjektet NAV Human. Prosjektet vert utført i NAV region vest, Øygarden og Askøy. Etter ein anbodskonkurranse vart det tidlegare i haust avklart at Læringsliv i Trondheim skal ha oppdraget med å utvikla nye arbeidsmetodar og verktøy. Bidraget frå NAV er eigeninnsats og leiing av prosjektgruppe og styringsgruppe.

Astrid Gjeråker leiar prosjektgruppa på fem personar, medan Rune Jacobsen er leiar for styringsgruppa (NAV Vestland).

Vi tok turen innom arbeidsverkstaden tidleg i november der 40 ungdomsrettleiarar i Øygarden og Askøy deltok.

- Korleis kan eg vera med og påverka min framtidige arbeidskvardag som ungdomsrettleiar, spurte innovasjonspådrivar Kristin Solheim Jakobsen.

Fråfall i skulen og ungt utanforskap er ei utfordring i samfunnet i dag. NAV skal bidra til at ungdom vert inkludert i samfunns- og arbeidslivet. NAV har ikkje noko heilskapleg/einsretta metodikk for å finna gode løysingar for gruppeoppfølging av ungdom.

Det vert god tid til drøfting i mindre grupper. - Klikk for stort bileteDet vert god tid til drøfting i mindre grupper.

Standardpakkar for gruppeoppfølging

Sverre Konrad Nilsen er dagleg leiar i Læringsliv og har med seg ein stab med mykje erfaring og kompetanse, mellom anna frå forsking. No skal han og medarbeidarane hans utvikla eit spennande prosjekt saman med NAV.

 - Vi arbeider med å utvikla ein metodikk der vi arbeider saman med ungdomane for å  få fleire ut i jobb. Utfordringa er å laga prosessar/metodar som gjev oss varige digitale støtteverktøy. Vi har ambisjon om å laga standardpakkar for gruppeoppfølging for ungdom, seier han.

Dette vil gjera det lettare for både ungdomane sjølve og ungdomsrettleiarane å gjennomføra gruppeoppfølging. Løysinga skal leggja vekt på mennesket med sine ressursar og moglegheiter.

Astrid Gjeraker seier at NAV Human byggjer på ein teori om eit nettverk der målet er å koma seg ut av NAV. I dette prosjektet legg ein til rette for at ungdomane sjølv skal verta kvarandre si løysing.

- Ved å samarbeida med Læringsliv har vi kjøpt eit utviklingsløp. Ungdomen skal sjølv vera med i skaparfasen. Dette skal resultera i høgare livskvalitet. Vi trur gjerne feil om ungdom. Dei har sterke menneskelege ressursar. Vi ønskjer kontakt med ungdom skal tenkja seg å delta i dette utviklingsprosjektet, seier Gjeråker.

- Vi må anerkjenna at ungdom er spesialistar på sine eigne liv, legg Nilsen til.

NAV Human skal byggja på erfaring og kunnskap frå Øygarden-modellen som har gått føre seg sidan 2020 og vert avslutta neste år.


Tekst og foto: Vigleik Brekke