Utvidar tilrettelagt fotballtilbod
Frå 19. august startar fotballtilbod for menneske som er råka av psykiske lidingar. Dette er eit utviding av eit tilbod Sotra Sportsklubb starta hausten 2020.
Det er etablert eit samarbeid mellom klubben og Øygarden kommune. Det vert no tilbod om trening på torsdagar mellom klokka 14.00 og 15.30 i Sotrahallen. Det er også tilbod om trening på kveldstid.
Dagtidtreninga er open for alle som på grunn av psykisk helse treng eit tilrettelagt fotballtilbod. Det er ikkje krav om diagnose, og dei som trenar må sjølv definera seg i målgruppa.
Fotballtilbodet har ein sosial profil der trivsel er det viktigaste, og det er ikkje krav til prestasjon. Det handlar om å møta opp, møta andre, snakka saman og berre vera til stades. Ta gjerne med ein ven eller familiemedlem. Tilbodet er gratis og ope for alle som bur i Øygarden kommune.
Ansvarleg for treningane på dagtid er Daniel Espeland (erfaringskonsulent i Øygarden kommune og Lenhart Sveio som er aktivitetsleiar i kommunen. Kveldstidtreningane (måndagar klokka 18.00 – 19.30) er leia av Nikolai Fjeld.
Kontaktpersonar:
- Lenhart Sveio: 952 35 397
- Nikolai Fjeld: 480 75 704
Publisert 28.07.2021 11.35