Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Utvalsarbeid med omsorgstilbudet er i gang

I går var arbeidsutvalet som skal arbeida med framtidig omsorgstilbod i Øygarden, samla til møte i kultursalen i Øygarden rådhus.
- Det var ein svært lærerik dag, seier leiar av utvalet, Espen Cornell Jakobsen.

Frå møtet på tysdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet på tysdag. 

Dette arbeidet er ei oppfølging av saka «Auke i tal  på heildøgnsplassar og nytt heildøgns omsorgstilbod».

På møtet i går vart det gjeve informasjon om dei offentlege tenestene innanfor omsorg, samarbeid med private aktørar og frivillige. Dette er det andre møtet i arbeidsutvalet. Det første møtet i desember handla om konstituering, møteplan, gjennomgang av ulike tema og framdriftsplan. Det er planlagt to møte i månaden fram til utgangen av april.

- Det er særleg tilbodet for seniorar vi er opptekne av i dette arbeidet, seier Cornell Jacobsen.

Det var kommunalsjef for Helse og velferd, Line Barmen, og prosjektleiar/rådgjevar Janne Mo som gav informasjon om eksisterande omsorgstilbod i Øygarden. Det handla mellom anna om tilbod på korttidsplassar, langtidsplassar og heimetenesta.

Espen Cornell Jacobsen er leiar av arbeidsutvalet.  - Klikk for stort bileteEspen Cornell Jacobsen er leiar av arbeidsutvalet. Mandat

På kommunestyret i slutten av oktober vart det vedteke kva arbeidsutvalet skal arbeida med. Det er plukka ut åtte tema som arbeidsutvalet skal følgja opp med mandat til å fremja ein gjennomføringsplan med økonomiske konsekvensar. Målet er at dette er på plass i løpet av 1. halvår 2021. Espen Cornell Jacobsen seier at arbeidsgruppa skal sjå både på lovpålagde og ikkje-lovpålagde oppgåver.

På det neste møtet (26. januar) håpar arbeidsgruppa at Husbanken kan delta og gje informasjon om kva finansieringsformer banken kan bidra med.

Arbeidsgruppa er samansett av fire medlemer vald av kommunestyret; Espen Cornell Jacobsen (Ap, leiar), Jan Utkilen (Sotralista), Kristin Børve Jacobsen (Frp) og Eva Aarskog (SV). Frå råd for personar med funksjonsnedsetjing deltek Christel Borge Bersaas-Nesse, medan Sverre Bungum representerer eldrerådet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke