Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Utsette sak om skulenedlegging til juni

Utval for tenester og levekår vedtok i dag (29. april) å utsetja saka som omhandlar nedlegging av Blomvåg skule og påfølgjande justering av skulekrinsgrensene. I vedtaket er det lista opp ei rekkje forhold som skal omtalast i høyringsframlegget som vert presentert i junimøtet.

Blomvåg skule - Klikk for stort bileteBlomvåg skule  

I utsetjingsforslaget som fekk sju røyster vert det vist til kommunestyrevedtaket i desember 2020 (budsjett 2021) om at det skal leggjast fram sak som vurderer nedlegging av Blomvåg skule. Det vert vist til at i framlegget frå kommunedirektøren er det lagt inn føresetnader som ikkje er forankra politisk med å tilråda at det vert laga ein heilskapleg skulebruksplan når samfunnsdelen til kommuneplanen er ferdig.

Høyringsframlegget, som skal leggjast fram i junimøtet, skal fremja følgjande to alternative forslag til vedtak utan å syna til at det først skal lagast ein ny skulebruksplan og at denne vert en del av kommuneplanen sin samfunnsdel. Alternativ A: 1. Kommunestyret vedtek å ikkje leggja ned Blomvåg skule. Alternativ B: 1. Kommunestyret vedtek å leggja ned Blomvåg skule frå skuleåret 2022/23.

Her kan du lesa heile utsetjingsframlegget som vart vedteke PDF). (PDF, 14 kB)

Forslaget om å utsetja saka vart altså vedteke med sju røyster (Høgre, Sotralista, Frp, KrF og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB)). Fire medlemer (Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet) røysta imot.

Før utsetjingsframlegget vart vedteke, gjorde mindretalet det klart at dei ikkje ville leggja ned Blomvåg skule, men at det vert starta arbeid med ein heilskapleg skulebruksplan når samfunnsdelen til kommuneplanen er ferdig.

Ombygging Tednebakkane omsorgssenter

Utvalet vedtok at kommunen går vidare med neste fase (skisse/forprosjekt) for fløy 9 for ombygging av ein fløy på Tednebakkane omsorgssenter til skjerma eining for svært krevjande bebuarar. Ombygging og etablering av sansehage er kostnadsrekna til 12 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.

Etter framlegg frå Ernst Einarsen (Høgre) vart det vedteke eit tilleggspunkt om at delar av gangstien som går rundt bygget i dag må oppretthaldast sjølv om dette inneber at han må flyttast noko. Han må utformast slik at den framleis er i samsvar med krav til universell utforming.

Endrar vedtekter for SFO (skulefritidsordning)

Utvalet tilrår å endra vedtektene for SFO når det gjeld ferie og bemanning i samsvar med innstillinga frå kommunedirektøren for paragraf 7 og 13. Endringa inneber mellom anna at SFO-leiar skal ha relevant pedagogisk utdanning og at rettleiande norm for bemanning i SFO er 14-16 barn per tilsett. Endringa inneber også at SFO følgjer skuleruta. Det skal vera tilbod om ferie-SFO i haust- og vinterferie, og i sommarferie – inntil 2 veker i juni etter at skulen tek ferie, og inntil 2 veker i august før skulestart på nokre skular. SFO er stengd i juli.

Utvalet slutta seg til eit framlegg frå Frp om å ta vekk formuleringa i paragraf 7 om bemanning: «Dette er ikkje til hinder for at det i kortare periodar av dagen kan vera fleire eller færre barn pr. tilsett.» Utvalet støtta også samrøystes eit framlegg frå Ap om at Øygarden kommune skal sikra at elevar som hadde hatt behov for ferieopen SFO, får tilbod om å delta i Øygarden kommunes aktivitetstilbod i sommarferien 2021.

Saka vert avgjort av kommunestyret.

Utsette sak om skulekrinsjustering for Misje og Turøyna

Etter eit fellesframlegg frå Høgre, Sotralista, Frp a H, SL, Frp og KrF vart det vedteke å utsetja saka til møtet i utval for tenester og levekår den 9. juni. Det må i saka gjerast ei vurdering om Toftøy skule i lys av avstand kan gjerast til nærskule for krinsane Misje og Turøy. Dette vert grunngjeve med at den nye kommunen har ein annan skulestruktur samanlikna med den som var tilgjengeleg i dei tidlegare kommunane. Det må også i saka gjerast greie for korleis ein kan gjennomføre en gradvis overføring over tid av elevane til Toftøy skule.

Utsetjingsforslaget vart vedteke med seks mot fem røyster (Arbeidarpartiet, SV, Senterpartiet og FNB).

Tekst: Vigleik Brekke