Utlysing: midlar til kunstprosjekt - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Utlysing: midlar til kunstprosjekt

Prosjektet Nye Perler i Nordsjøløypa har midlar til kunstprosjekt langs nokre turløyper i Øygarden. Kunstnarar blir med dette inviterte til å søkja støtte/delfinansiering til installasjonar som tåler å stå ute.

Kunngjeringsdato: 07.07.2021
Merknadsfrist: 09.08.2021

Om utlysinga

Det er eit vilkår at kunstnarar som får tilsegn om støtte, må ha verket ferdig innan 1.november i år. Det er ein fordel om kunstnaren har ei kobling med lokale opplevingsbedrifter. Samarbeid med høgskule/universitet/næringsliv vektar sterkt.

Vi ønskjer å styrkja dei kreative næringane i kommunen og bidra til å skapa opplevingar som er retta mot aktivitet heile året for tilreisande og innbyggjarar.

Søknad

Send søknad med prosjektskisse og budsjett til Øygarden kommune innan 9.august. Maks støtte er kroner 100 000.

Søknad skal sendast til postmottak@oygarden.kommune.no og merkast med «Kunstprosjekt - Opplev Øygarden»

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon ved spørsmål er; Kulturleiar Christel Møvik-Olsen e-post; Christel.Movik-Olsen@oygarden.kommune.no