Utlegging av manntal

valglogo_gull_nynorsk.jpg - Klikk for stort bilete Står du i manntalet? For å kunne stemme ved valet 11. september 2017 må du vere innført i manntalet. Dette kan du kontrollere når manntalslistene no er lagt ut for ettersyn fram til valdagen.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er motteken hos folkeregisteret innan 30. juni 2017, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velje om du vil stemme på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandstemme.

Står ikkje namnet ditt i manntalslistene som er lagde ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Valstyret vil retta feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram til valdagen.

Manntalslistene vert lagt ut på Servictorget på Øygarden rådhus

Besøksadresse/postadresse til Øygarden kommune/valstyret: Ternholmvegen 2, 5337 Rong
 

Servicetorget - Kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon til Servicetorget.
Servicetorget - Kontaktinformasjon
AvdelingTlfE-post
Servicetorget56 38 20 00E-post
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 04.07.2017
Fann du det du leita etter?