Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Utkast til samfunnsplan klar for høyring

Denne veka presenterer kommunedirektøren utkast til samfunnsdelen til kommuneplanen for Øygarden 2022-2034. Grunnleggjande element i planen er berekraft, kommunen som samfunnsutviklar og senterstruktur.

           

Før kommunestyret venteleg den 28. oktober vedtek å leggja ut planen på høyring i seks veker, skal saka til behandling i råd for personar med funksjonsnedsetjing, ungdommens kommunestyre, eldrerådet og utval for samfunnsutvikling (US).

US behandlar saka den 26. november. Leiar Andreas Kallekleiv er stolt over det resultatet som ligg føre.

- Heilt sidan starten har vi lagt vekt på stor medverknad, og no ser vi eit godt resultat av eit godt samspel mellom kommunen, innbyggjarane, næringslivet og det frivillige. I høyringsperioden før jul vert det invitert til innspelsarrangement som vi håpar vil bidra til at det kjem inn mange innspel til planutkastet, seier Kallekleiv.

Trass i utfordringar med koronaepidemien, har ein makta å gjennomføra ein omfattande medverknadsprosess. Det er kome inn over 500 innspel frå innbyggjarane, næringslivet og det frivillige. Administrasjonen har lagt stor vekt på at framlegget til samfunnsdel til kommuneplan byggjer på dei innspela som er komne inn.

I starten av arbeidet plukka politikarane ut åtte av berekraftsmåla til FN som skal ha særleg prioritet i åra som kjem Framlegget som no ligg føre, definerer fem hovudmål.

            1  Øygarden er ein god stad å bu.
            2  Innbyggjarane i Øygarden har god livskvalitet.
            3  Øygarden er eit kompetent, innovativt og produktivt samfunn.
            4  Øygarden er eit klima- og miljøvenleg samfunn.
            5  Øygarden kommune er handlekraftig og innovativ.

Måla er bygd på berekraft, kommunen som samfunnsutviklar og senterstrukturen. I framlegget er det lagt inn ein senterstruktur på fire nivå; Straume som region- og regionsenter og Skogsskiftet, Ågotnes og Rong som kommundelsenter. I tillegg kjem sju lokalsenter; Stranda/Forland, Spildepollen, Fjell, Møvika, Knarrvika, Toftøy og Tjeldstø.

Høyringsperioden for planen er 8. november til 19. desember. I høyringsperioden vert det lagt opp til fleire digitale arrangement der innbyggjarar og lokale aktørar kan gje tilbakemelding og koma med merknader til høyringsutkastet.

Saksdokumenta kan du lesa her.

Her er lenkje til sjølve høyringsutkastet. 


Tekst: Vigleik Brekke