Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Utfordra politikarar om samfunnsplanen

Dagen før fristen for å koma med høyringsinnspel, var ungdommens kommunestyre tysdag kveld samla til innspelsmøte om samfunnsdelen til kommuneplanen.

Frå innspelsmøte i regi av UKS tysdag kveld - Klikk for stort bileteFrå innspelsmøte i regi av UKS tysdag kveld. 

På møtet var det innleiing ved nestleiar i UKS, Ingrid Skjold, Kahoot-konkurranse, gruppeoppgåver og spørsmål til politikarane i plenum.

- Kan alle elevane få gratis skuleskyss? Kva har forandra seg til det betre eller verre etter kommunesamanslåinga og kva tid trur de at klimaendringane skal verta betre?

Dette var nokre av spørsmål som kom frå ungdomspolitikarane. Lett å svara på spørsmåla var det slett ikkje.

- Vi kan ikkje lova skuleskyss til alle. Det er eit mål at flest mogleg skal kunna gå eller sykla til skulen, men dersom skulevegen er trafikkfarleg eller skulevegen er på over fire kilometer, er det rett til skuleskyss, var svaret frå ordføraren og dei andre politikarane.

På møtet med ungdomspolitikarane deltok ordførar Tom Georg Indrevik, varaordførar Torill Selsvold Nyborg og leiar i utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv.

I den innleiande presentasjonen frå Ingrid Skjold  i UKS sa ho at meiningane til dei unge er tekne omsyn i høyringsutkastet.

- Det er mange døme på det. Dette handlar om framtida vår, sa Skjold.

Ordførar Tom Georg Indrevik var glad for at mange unge har delteke i arbeidet med planen. Han viste til at UKS er eit lovpålagt organ som dei andre politikarane skal lytta til.

- De er med og formar framtida i Øygarden. Vi lovar å ta med det som de bringer fram. Hugs å tenkja dei store framtidsretta tankane, sa ordføraren og viste til kva ein har fått til med Sartor Storsenter og Sotrasambandet.

Kva er viktig for ungdomen?

I gruppearbeidet vart det stilt spørsmål om kva som er positivt og kva som er ulempene med å bu i kommunen vår med tanke på barn og unge. Det vart også diskutert kva som ein bør fokusera på når det gjeld barn og unge og kva den enkelte kan bidra for at Øygarden skal verta ein betre stad og bu og veksa opp i.

- Trafikktryggleik og god kollektivtransport er viktig, kom det frå en av deltakarane på gruppesamlingane.

Ein annan meinte at det var bra kollektivtransport i dei sentrale delane av kommunen, men dårlegare i utkantane av kommunen. I samtalen vart det også lagt vekt på kor viktig det er å vera inkluderande for alle, mellom anna dei som har innvandra til kommunen.

- Det er viktig å inkludera alle. Vi kan syta for å invitera til digitale plattformer og til dømes spela i lag. Det er viktig at flyktningane vert godt integrerte i samfunnet, sa ein av deltakarane.

Andre tema på gruppesamtalane var mellom anna psykisk helse, miljø og klima, likebehandling og bruk av sosiale medium for å få ungdom meir interessert i politikk.

I den siste delen av møtet vart det stilt ei rekkje spørsmål til politikarane. Det vart mellom anna spurt om det vil koma fleire badeplassar i Straume-området.

- Ja, det vil det. Det vert arbeidd med eit friluftsområde og badeplass i Geitavika Arbeidet startar opp i år, og området vil i alle høve vera klar til bruk til sommaren 2023, sa ordførar Tom Georg Indrevik.

Fristen for gje innspel til høyringsutkastet er 12. januar. Planen vert endeleg behandla i kommunestyret i mars. Samfunnsdelen til kommuneplanen er det viktigaste verktøyet for å styra kommunen vår, og handlar om korleis vi skal utvikla tenestene og legga til rette for god samfunnsutvikling.

Etter at samfunnsdelen er vedteken, startar ein opp med arbeidet arealdelen til kommuneplanen. Då vil ein arbeida meir konkret med bruk av areal og arealformål.

Tekst og foto: Vigleik Brekke