Utbetring av sikt rundkøyring Tjeldstø

Øygarden kommune har ein vedteken trafikksikringsplan. Kommunen søkte i 2017 Hordaland fylkeskommune om midlar til punktutbetringar der tiltaket var forankra i denne planen. Me fekk tildelt midlar. Kommunen har ein eigenandel på 30 % av kostnaden.

Dette gjeld rundkjøringa på Tjeldstø. Trafikk til/ frå Harkestad/Ådnevika som skal ut/inn ved rundkjøringa har utsynet sperra av ein stor bergknaus.

Arbeid ved rundkøyringa på Tjeldstø - Etter utbetring - Klikk for stort bileteArbeid ved rundkøyringa på Tjeldstø - Etter utbetring

 

Dette kan skapa trafikkfarlege situasjonar. Denne er no sprengt bort. Forventa effekt av tiltaket er at både køyrande og gåande får betre oversikt, utsyn/innsyn. Dette forbetrar trafikktryggleiken. Tiltaket er retta mot både gåande og køyrande.

Arbeidet er no gjennomført og resultatet er venta å gje den ønska effekten.

Arbeid ved rundkøyringa på Tjeldstø - før utbetring - Klikk for stort bileteArbeid ved rundkøyringa på Tjeldstø - før utbetring

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 11.01.2018
Fann du det du leita etter?